Barbu kyrkje er ei langkyrkje i nygotikk frå 1880 i Arendal kommune i Agder. Ho er teikna av Jacob Wilhelm Nordan.

Barbu prestegjeld vart skilt ut frå Østre Moland i 1877. Barbu kyrkje har vore gjennom ei rekkje endringar, men fekk att dei gamle interiørfargane i 1980. Altartavlla er frå ei restaurering i 1950.

Kyrkjegarden rundt kyrkja og austover mot kapellet er nokså full. I dag tyr dei fleste til Arendal kyrkjegard.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Kategori:Kyrkjer i Arendal Kategori:Kyrkjer i Arendal prosti Kategori:Norske kyrkjer frå 1880 Kategori:Langkyrkjer i Agder og Telemark bispedømme Kategori:Kulturminne i Arendal Kategori:Jacob Wilhelm Nordan