Taitaohalvøya (spansk Península de Taitao) er ei halvøy som strekkjer seg vestover frå fastlandet i Chile, som ho er knytt til via det smale Ofquieidet. Innfødde og tidlege misjonærer brukte å bere båtane sine over dette eidet mellom Moraledakanalen og Penasbukta. Halvøya ligg i regionen Aysén del General Carlos Ibáñez del Campo og ein del av halvøya høyrer til Laguna San Rafael nasjonalpark. Presidente Ríos-sjøen, med eit areal på 352 km², ligg midt på halvøya. Ei søroverretta halvøy på Taitaohalvøya er Tres Montes-halvøya.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Taitao Peninsula» frå , den 19. januar 2014. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Halvøyar i Chile Kategori:Geografi i Aysén