Creanbreen er ein isbre som er 6,5 km lang, og som flyt nordvest frå Wilckens Peaks til enden av Antarctic Bay på nordkysten av Sør-Georgia. Han vart kartlagd av South Georgia Survey i perioden 1951–57 og vart namngjeven av UK Antarctic Place-Names Committee etter iren Tom Crean, som var andrestyrmann på «Endurance» under britiske ekspedisjonen under Ernest Shackleton i 1914–16. Crean var med Shackleton og Frank Worsley i «James Caird» frå Elefantøya til King Haakon Bay, Sør-Georgia, og gjekk over land i lag med dei til Strømnes. Denne breen låg langs ruta deira.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Crean Glacier» frå , den 24. januar 2014. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Isbrear på Sør-Georgia