Gulset kyrkje er ei arbeidskyrkje i Skien kommune i Telemark.
Kyrkja er oppført i to trinn. Arkitekt for første byggetrinn (innvigd 1986) var Hille Melbye Arkitekter, medan Børve og Borchsenius ved Reidar Aasen stod for trinn 2 (innvigd 22. mars 2009). Kyrkja har hovudsakleg teglstein i fasaden.
Det er 270 sitjeplassar i sjølve kyrkjesalen, men dette kan utvidast til 500 med tilstøytande rom.Skien kyrkjelege fellesråd Kyrkja er utsmykka av Borgny Svalastog. Komplekset husar òg kontor og barnehage.
Det er ikkje kyrkjegard ved kyrkja.
Referansar
Gulset kirke Skien kyrkjelege fellesråd
Bakgrunnsstoff Børve og Borchsenius Borgny Svalastog
Kategori:Kyrkjer i Skien Kategori:Kyrkjer i Skien prosti Kategori:Norske kyrkjer frå 1986 Kategori:Norske kyrkjer frå 2009 Kategori:Arbeidskyrkjer