thumb|left|200px|Altartavla med monogram for kong Kristian IV og dronning Anna Kathrine. thumb|left|200px|På vindfløya finn vi årstalet 1767. Då fekk kyrkja tårn, men dette vart fornya i 1840. Melum kyrkje (eldre stavemåte: Mælum) er ei langkyrkje frå 1728 i Skien kommune i Telemark.
Kyrkja avløyste ei stavkyrkje som var vigd til den heilage Lavrans. Ho vart oppført få år etter den store kyrkjeauksjonen i 1723. Skipet og koret er lafta, medan tårnet (frå 1840) er i bindingsverk. Dåpssakristiet er frå 1883. Kyrkja vart mykje endra i 1883, då kyrkja vart mykje endra. Mellom anna vart vindauga gjort større og veggane måla. Sidan er kyrkja restaurert og veggane avluta.
Altartavla er ei katekismetavle frå tidleg på 1600-talet. Ho har truleg vore brukt i Skien kyrkje før ho kom til Melum. I kyrkja finn ein òg ein kyrkjestol for Løvenskiold-familien, og på denne og på galleribrystninga er det måla våpenskjold. Brekke museum i Skien har gamalt inventar frå den tidlegare Melum-kyrkja.
Kjelder
Skien kyrkjelege fellesråd om kyrkja
Bakgrunnsstoff Solumkirkene
Skien kyrkjelege fellesråd om kyrkjegarden
Kategori:Kyrkjer i Skien Kategori:Kyrkjer i Skien prosti Kategori:Norske kyrkjer frå 1720-åra Kategori:Langkyrkjer i Agder og Telemark bispedømme Kategori:Kulturminne i Skien