Eit futedømme (eller -døme, bokmål fogderi) er ei historisk nemning for eit distrikt som blei styrt av ein fut (fogd).
I Noreg var amta frå 1660 delt inn i fleire futedømme. I 1660 var det 55 futedømme, men i 1700 var talet redusert til 38. Då futedømma vart oppheva 21. juli 1894 var det 56 av dei. Futedømma var delte inn i herad.
Sjølv om futedømma forlengst er borte, lever denne inndelinga vidare som ei meir eller mindre veldefinert inndeling av Noreg i form av distrikt. Grensene for dei gamle futedømma er i nokre tilfelle samanfallande med dagens grenser for prosti eller tingrettdistrikt.
Dei truleg mest kjende futedømma i Noreg er dei tre futedømma som utgjer Møre og Romsdal fylke — Sunnmøre, Romsdal og Nordmøre. Striden mellom desse i ymse lokalpolitiske saker er kjende som fogderistriden.
Futedømme i Noreg Denne lista gir inndelinga slik den var på slutten av 1800-talet.
Akershus amt Aker og Follos fogderi Nedre Romerikes fogderi Øvre Romerikes fogderi
Bratsbergs amt Bamble fogderi Nedre Telemarkens fogderi Øvre Telemarkens fogderi
Buskeruds amt Buskeruds fogderi Hallingdalens fogderi Numedal og Sandsværs fogderi Ringerikes fogderi
Finmarkens amt Altens fogderi Hammerfests fogderi Tanens fogderi Varangers fogderi Vardø fogderi
Hedemarkens amt Hedemarkens fogderi Nordre Østerdalens fogderi Solørs fogderi Søndre Østerdalens fogderi Vinger og Odalens fogderi
Jarlsberg og Larviks amt Jarlsbergs fogderi Larviks fogderi
Kristians amt Hadeland og Lands fogderi Nordre Gudbrandsdalens fogderi Søndre Gudbrandsdalens fogderi Totens fogderi Valdres fogderi
Lister og Mandals amt Lister fogderi Mandals fogderi
Nedenes amt Nedenæs fogderi Raabygdelagets fogderi
Nordlands amt Nordre Helgelands fogderi Salten fogderi Søndre Helgelands fogderi Vesteraalens og Lofotens fogderi
Nordre Bergenhus amt Nordfjords fogderi Søndfjord fogderi Sogns fogderi
Nordre Trondhjems amt Inderøens fogderi Namdalens fogderi Stjør- og Værdalens fogderi
Romsdals amt Nordmørs fogderi Romsdals fogderi Søndmørs fogderi
Smaalenenes amt Idde og Markers fogderi Moss fogderi Rakkestads fogderi
Stavanger amt Jæderen og Dalernes fogderi Ryfylke fogderi
Søndre Bergenhus amt Hardanger og Voss fogderi Nordhordlands fogderi Søndhordlands fogderi
Søndre Trondhjems amt Fosens fogderi Guldalens fogderi Orkedalens fogderi Strinden og Selbu fogderi
Tromsø amt Senjen og Tromsø fogderi
Sjå òg Distrikt i Noreg
Bakgrunnsstoff Forvaltingsinndeling i 1917
kategori:Administrative område Kategori:Tidlegare undernasjonale område i Noreg