mini|Magnus Carlsen i 2008 Sven Magnus Øen Carlsen, betre kjend som Magnus Carlsen (), er ein norsk sjakkspelar fødd i Tønsberg. Han er verdsmeister og stormeister og har oppnådd den høgaste ratinga gjennom historia med 2882. Carlsen vart i 2009 verdsmeister i lynsjakk. I 2013 vart han verdsmeister etter å hå slått Annand over 10 parti i november.

26. april 2004 vart Carlsen stormeister, berre 13 år og 148 dagar gammal, noko som då gjorde han til den nest yngste stormeisteren i historia. Han har sidan vorte den tredje yngste. I november 2009 fekk Carlsen ein Elo-rating på på Verdssjakkforbundet (FIDE) si ratingliste med 2801. Berre fire andre spelarar har hatt offisiell FIDE-rating over 2800, og med ei alder på 18 år og 336 dagar var han òg den yngste til å klare dette. 1. januar 2010 vart han rangert som nummer 1 på ratinglista med 2810.FIDE – «Top 100 Players January 2010», januarlista 2010. Han var dermed den yngste som har toppa ein verdsranking i sjakk, og berre seks spelaren har toppa lista sidan FIDE starta sitt ratingsystem i 1970. I januar 2013 gjekk Carlsen forbi ratingrekorden til Garry Kasparov på 2851 poeng frå juli 1999 med ein rating på 2861.

Carlsen er den første norske sjakkspelar som har kvalifisert seg for kandidatturneringa for Verdsmeisterskapen i sjakk. Denne fann stad i mars og april 2013 og Carlsen vann turneringa som gjer at han skal møtte verdsmeister Viswanathan Anand til kamp om tittele i november 2013. carlsen vann verdsmeistertittelen over 10 parti.

Carlsen var kjend for den angripande stilen sin som tenåring, men har sidan vorte ein meir universell spelar. Han fokuserer ikkje like mykje på førebuing av opningstrekk som så mange andre toppspelarar gjer, og spelar mange forskjellige opningar, noko som gjer det vanskelegare for motstandarane å førebu seg mot han.

I 2013 kåra Time Magazine han til ein av dei 100 viktigaste personane i verda.

Han er leiar av Offerspill sjakklubb, som han oppretta i 2019.

I 2019 tapte han VM-finalen i Fischersjakk mot Wesley So.

Plasseringar Magnus Carlsen har sidan 1. april 2008 vore den høgast rangerte sjakkspelaren i den vestlege verda – allereie då med ein femteplass på verdsrankingen.FIDE topp 100 pr 1. april 2008 Per 1. november 2009 var Magnus Carlsen rangert som nr. 2 i verda,FIDE topp 100 pr 1. november 2009 og han har vore den beste juniorspelaren i verda sidan 1. januar 2008.FIDE topp 20 juniorar pr 1. januar 2008 Han har også sidan 1. juli 2006 vore den sterkaste sjakkspelaren i Norden,FIDE topp 100 pr 1. juli 2006 etter kvart med god margin.

Magnus Carlsen fekk sitt internasjonale gjennombrot i januar 2004 då han som 13-åring vann C-gruppa i sjakkturneringa Corus Chess Tournament i Wijk aan Zee i Nederland. Denne sigeren gav han det første nappet i ein stormeistertittel i sjakk. Etter ytterlegare to gode prestasjonar dei neste månadene vart Magnus Carlsen den 26. april 2004 verdas til då nest yngste stormeister i sjakk gjennom tidene, i ein alder av 13 år 4 månader og 27 dagar. Sergey Karjakin frå Ukraina har framleis rekorden (2010-talet).ChessBase news si liste over sjakk-vedunderbarn 1. juli 2006 klarte Parimarjan Negi frå India å bli stormeister i ein alder av 13 år, 4 månader og 22 dagar, og overtok dermed denne andreplassen frå Magnus Carlsen.

Sidan då har Magnus Carlsen halde fram den sterke framgangen, og var pr 1. april 2008 i ein alder av berre 17 år rangert som nr. 5 i verda på ratinglista til Verdssjakkforbundet FIDE, med ratingtalet 2765. På ratinglista for 1. juli 2008 hadde han gått opp til 2775, men falle ned til 6.-plassen.FIDE offisiell topp 100 pr 1. juli 2008.

Den 5. september 2008 inntok han førsteplassen på den uoffisielle verdsrankingen for første gong. Han vann 16 ratingpoeng i turneringa i Foros i Ukraina i juni, som vart avslutta så seint i juni at den etter gjeldande reglar ikkje kunne takast med på den offisielle ratinglista per 1. juli, og han vann nye ratingpoeng i Bilbao i Spania i byrjinga av september 2008. Aldri før har ein så ung spelar toppa nokon verdsranking i sjakk. Ei svak avslutning på turneringa i Bilbao gjorde at Magnus Carlsen miste nokre av ratingpoenga, og fall ned frå den uoffisielle førsteplassen. Han kom dermed inn på den offisielle ratinglista for 1. oktober 2008 med ein 4.-plass, med ratingtalet 2786 – berre 5 ratingpoeng bak Veselin Topalov på førsteplass.FIDE offisiell topp 100 pr 1. oktober 2008

Første halvår 2009 viste framleis gode resultat i verdstoppen, medan han andre halvår 2009 rett og slett var den beste spelaren i verda. Siger med 8 poeng av 10 moglege i ei turnering i Nanjing i Kina, og siger i ei turnering i London i desember gav han då også førsteplassen på verdsrankingen.

18. november 2009 vann Magnus Carlsen verdsmeisterskapen i lynsjakk i Moskva, med 3 poeng margin til nummer 2, verdsmeisteren i sjakk Viswanathan Anand.

Bakgrunn og tidleg sjakk-karriere Magnus Carlsen bur i Lommedalen i Bærum. Han lærte tidleg sjakktrekka av faren, Henrik Carlsen, men viste lenge inga interesse for dette spelet, før han i juli 1999 spelte si første sjakkturnering. Dei følgjande månadane spelte han mange barnesjakkturneringar, og hadde rask framgang.Agdestein s. 13

I januar 2000 vart Simen Agdestein merksam på dette talentet. Han fekk ordna det slik at frå mars 2000 og eit års tid hadde Magnus Carlsen treningsøkter ein gong i veka på Norsk Toppidrettsgymnas, NTG, der Simen Agdestein var lærar på sjakklina. Meisterspelaren Torbjørn Ringdal Hansen var sivilarbeidar på NTG, og tok på seg dette oppdraget. Samtidig spelte Magnus Carlsen mykje sjakk, både turneringar og på nettet, og han brukte mykje tid på å studere sjakkbøker. Svært tidleg kunne han lese sjakkpartia rett ut av boka, og eit svært god minne førte til at han hugsa det meste.Agdestein s. 14–19

Framgangen var eksepsjonell, og allereie i september 2000 gjorde han ein ratingprestasjon på ca 2000, som er meisternivå, ved å ta 3,5 poeng på 5 parti i NM for juniorlag.Agdestein s. 16 Framgangen heldt fram dei neste to åra, og i juli 2002, i ein alder av 11 år og 7 månader, var han klar for Eliteklassa i NM i sjakk på Røros. I Eliteklassa blir det kjempa om Noregsmeister-tittelen, og Magnus Carlsen klarte heiderlege 4 poeng på 9 rundar.Agdestein s. 71

Det neste året klarte han å bli Internasjonal Meister i sjakk, ved svært gode turneringsresultat på Gausdal i januar 2003Agdestein s. 88–92, Stockholm i juni 2003Agdestein s. 101–104 og i København i juli 2003Agdestein s. 110–115 Litt før i juli 2003 tok han delt 3–7. plass i Eliteklassa i NM i Fredrikstad.Agdestein s. 107–110

Frå ettersommaren 2003 tok familien Carlsen eit friår, tok dei 4 borna ut av skulen for å undervise dei sjølve, leigde ut huset, og drog på kryss og tvers i Europa, gjerne til stadar der Magnus kunne spele sjakkturnering.Agdestein s. 116–154

Ein stormeister på 13 år mini|Magnus Carlsen i 2004 Første stormeisternapp Magnus Carlsen hadde blitt lagt merke til, og blei invitert til å vere med i C-gruppa i den prestisjtunge Corus Chess Tournament i Wijk aan Zee i Nederland i januar 2004. Etter strålande spel vann han gruppa, med 10,5 poeng på 13 runder, eit heilt poeng over kravet til stormeisternapp.Agdestein s. 155–167Norsk sjakkblad nr. 1, 2004 s. 17–18Norsk sjakkblad nr. 2, 2004 s. 5–8

Vinsten mot Sipke Ernst, Nederland, 2474, i 12. og nest siste runde vekte spesiell oppsikt som eit briljant parti. Partiet avgjorde kven som skulle vinne gruppe C. Partiet fekk prisen som rundas parti, i konkurranse med partia i A- og B-gruppa. Stormeister Lubomir Kavalek viste fram partiet i si sjakkspalte i The Washington Post, og kalla Magnus Carlsen for "The Mozart of Chess". Partiet:

Andre stormeisternapp Eit nytt stormeisternapp kom allereie i den neste turneringa, i Aeroflot Open i Moskva i februar. 5 poeng på dei 8 første rundane mot 7 stormeistrar og ein sterk IM var nok, og med ein avsluttande remis mot ein stormeister til, enda Magnus Carlsen på 5,5 poeng på 9 rundar, eit halvt poeng over stormeisterkravet.Agdestein s. 167–176Norsk sjakkblad nr. 2, 2004 s.9

Vinst mot Karpov og remis mot Kasparov Det gjekk ikkje fullt så bra i turneringa i Reykjavik i mars, 4,5 poeng på 9 runder var godt unna stormeisterkravet. Men etterpå vart Magnus invitert til å vere med i ei turnering i lynsjakk (sjakk med svært kort tenketid.) Der slo Magnus Carlsen den 17. mars 2004 den tidlegare verdsmeisteren Anatolij Karpov, noko som vakte stor oppsikt i media. Lynturneringa var opptakten til ein hurtigsjakk-cup der Carlsen spelte seg til remis mot den dåverande verdseinaren Garri Kasparov, men tapte det neste partiet og rauk ut av turneringa.Agdestein s. 177–188Norsk sjakkblad nr. 2, 2004 s. 9

Tredje stormeisternapp og stormeistertittel Det tredje og avgjerande stormeisternappet kom i ei turnering i Dubai 19.–27. april 2004. Etter sterkt spel var stormeisternappet og stormeistertittelen i boks allereie i 8. runde, den 26. april 2004. Remis i siste runde gjorde så at han igjen klarte stormeisternappet med margin, 6,5 poeng av 9 moglege var eit halvt poeng over kravet.Agdestein s. 188–195

Magnus Carlsen vart dermed verdas til då nest yngste stormeister i sjakk gjennom tidene, i ein alder av 13 år 4 månader og 26 dagar. Yngst var Sergey Karjakin, Ukraina, då han vart stormeister 12 år og 7 månader gamal i 2002. Magnus Carlsen vart dermed også den då yngste stormeisteren i verda.

Berre eit par dagar etterpå var Magnus i gang med ei ny turnering, Sigeman-turneringa i Malmö og København 30. april til 9. mai 2004. Med 5,5 poeng på 9 rundar tok han for sikkerheits skuld eit nytt stormeisternapp, også denne gongen med eit halvt poengs margin.Agdestein s. 198–205Norsk sjakkblad nr. 3, 2004, s.6–7

VM i Tripoli i Libya 2004 Verdssjakkforbundet FIDE arrangerte VM i Tripoli i Libya i juni–juli 2004. Dei fleste av dei 128 deltakarane hadde kvalifisert seg gjennom rating eller i kvalifiseringsturneringar. Men Verdssjakkforbundet ved presidenten hadde nokre friplassar til fordeling. Og etter dei gode resultata som Magnus Carlsen hadde hatt denne vinteren, fekk han ein av desse.

VM i Tripoli vart arrangert som ein cup, ei utslagsturnering. I første runde vart Magnus Carlsen sett opp mot den sterke stormeisteren Levon Aronian frå Armenia, då rata 2645. I tvekampen mellom desse to vart dei to første partia med vanleg tenketid remis. Det skulle deretter spelast to hurtigsjakk-parti. Magnus heldt remis i det første, men tapte det andre, og var dermed ute av VM.Agdestein s. 206–217

Noregsmeisterskapen 2004 mini|Magnus Carlsen, simultan i Molde i juli 2004

Noregsmeisterskapen i sjakk 2004 gjekk i Molde 3.–10. juli. Etter 9 runder var det blitt delt førsteplass mellom stormeister Berge Østenstad og Magnus Carlsen, begge med 7 poeng.Norsk sjakkblad nr. 4, 2004 s. 3–14

Det var dermed klart for stikkamp, omkamp om NM-tittelen. Stikkampen vart spelt 4.–5. september 2004 i Sandvika. Etter dåverande reglar for denne omkampen hadde Berge Østenstad ein fordel: Han kom best ut av kvalitetsberekninga for motstand under turneringa. Og då sa dåverande reglar at han fekk NM-tittelen ved uavgjort kamp. Magnus måtte altså minst ta ein vinst og ein remis, for stikkampen skulle berre spelast over to parti med full tenketid. Berge Østenstad heldt remis i det første partiet med svart, og dermed var Magnus tvungen til å spele på vinst med svart. Han stod etter kvart dårlegast, og aksepterte difor Berge Østenstad sitt remistilbod. Dermed var Berge Østenstad noregsmeister for 2004 og mottok kongepokalen.Norsk sjakkblad nr. 5, 2004, s.5–7

Variable resultat fram til juni 2005 Etter alle desse sterke resultata var Magnus Carlsen sin FIDE-rating pr 1. oktober 2004 oppe i 2581, tett på nivået for «superstormeister», tradisjonelt rekna til 2600.