miniatyr|Fefor høyfjellshotel, postkort frå 1924 av Mittet & Co. Fefor høyfjellshotell er eit hotell som ligg i Nord-Fron kommune i Innlandet. Hotellet vart grunnlagt som høgfjellssanatorium i 1891, og vart i 1905 det fyrste norske høgfjellshotellet for vinterturisme. Det er 230 senger på hotellet, og 20 sjølvbetente hytter med 130 senger.

Kongefamilien hadde årlege opphald her i perioden 1907–1914 med Fridtjof Nansen som skilærar. I 1910 dreiv Robert Scott og Tryggve Gran trening med motorsleder her før sørpolsekspedisjonen.

Kjelder

Bakgrunnsstoff Offisiell nettstad

Kategori:Hotell i Innlandet Kategori:Nord-Fron kommune Kategori:Skipingar i 1891