Echelmeyerstraumen, tidlegare kalla Ice Stream F, er ein isstraum i Den vestantarktiske innlandsisen som flyt vest til Shirase Coast nord for MacAyeal Ice Stream og er ein av fleire store isstraumar som flyt frå Marie Byrd Land og ut i Rossisen. Isstraumane vart undersøkt og kartlagt av U.S. Antarctic Research Program i løpet av fleire feltsesongar frå 1983–84 og opphavleg kalla Ice Stream A, B, C, etc., etter plasseringa deira frå sør til nord.
Namnet vart endra frå Ice Stream F av Advisory Committee on Antarctic Names i 2002 etter Keith A. Echelmeyer ved Geofysisk institutt ved University of Alaska, Fairbanks, som studerte isstraumane i Marie Byrd Land 1992–93 og 1994–95, i tillegg til rasktflytande isbrear i Alaska og Grønland. Dr. Echelmeyer var ein student under Barclay Kamb, som Kambstraumen er kalla opp etter.
Kjelder
Antarktis glasiologs Honored by ACAN
Kategori:Isstraumar i Antarktis Kategori:Geografi i Oates Land