Olsen Rock er eit skjer som ligg 1 km søraust for Cape Paryadin, utanfor vestenden av Sør-Georgia. Det vart kartlagt av mannskap på Discovery Investigations i 1926-27 og igjen av South Georgia Survey i perioden 1951-57. Det vart namngjeve av UK Antarctic Place-Names Committee (UK-APC) etter Søren Olsen, ein skyttar i South Georgia Whaling Co ved Leith Harbor i 1926–30. 1933–39 og 1945-53.

Kjelder

Kategori:Klippeformasjonar på Sør-Georgia Kategori:Stader i Antarktis kalla opp etter nordmenn