Hermansverk Tekstilarbeiderforening var eit lokallag av Norsk Tekstilarbeiderforbund som organiserte tilsette i tekstilindustrien på Hermansverk i Leikanger i Sogn og Fjordane. Foreininga vart skipa 19. september 1932 som ein protest på urettvise permitteringar og oppseiingar av dei tilsette ved Sygna Uldvarefabrik under den økonomiske krisa. Det fyrste styret bestod av Olav Lund (formann), Ingeborg Bjørk (viseformann), Anders Nyheim (kasserar), Johannes N. Henjum (sekretær) og Marie Nyheim. 1. april 1982 vart foreininga lagd ned i samband med at ullvarefabrikken vart lagd ned og produksjonen flytt til Sandnes.
Kjelder
Kategori:Leikanger kommune Kategori:Skipingar i 1932 Kategori:Nedleggingar i 1982 Kategori:Tidlegare norske fagorganisasjonar