Jørgine er den kvinnelege forma av mannsnamnet Jørgen, danna ved å leggja til endinga -ine.

I motsetnad til mannsnamnet er Jørgine svært lite brukt i Noreg. Det var 156 kvinner i Noreg som bar namnet den 1. januar 2004, og 81 i 2014.Navn, SSB.no Det har vore noko meir populært i Danmark, men i 2015 hadde namnet berre 30 danske berarar.«Hvor mange hedder...», dst.dk Namnet var meir utbreidd på 1800-talet.

Bruk i kulturen

Jørgine er namnet på ein roman av nobelprisvinnaren Johannes V. Jensen. Namnet finst òg i ein gamal dansk song av Jeppe Aakjær om ei jente som lét seg freista: «Jørgine var en pige alt ud af bondestand».

Kjende namneberarar

Jørgine «Gina» Krog (1847-1916), norsk kvinnesaksforskjempar Jørgine Boomer (1887-1971), norsk-amerikansk forretningskvinne Jørgine Abildgaard (1893-1962), dansk høgskuleforstandar og frimeinigheitsprest Brita Jørgine Østhassel (1918-2007), norsk forfattar

Kjelder

Kategori:Kvinnenamn Kategori:Norske førenamn Kategori:Danske førenamn