Ventifact Knobs er nokre mindre haugar, 3 til 6 meter over havet, som består av innsjøavleiringar dekte av isbreavsetningar. Av isbreavsetningane finn ein stein som er polerte av vinden og skore ut til ventifaktar. Knausane er dekte av ventifaktar, som har gjeve dei namn, og dei ligg like aust for Lake Bonney i Taylor Valley i Victoria Land. Dei vart namngjevne av den amerikanske geologen Troy L. Pewe som var den første til å studere og skildre knausane i desember 1957.

Kjelder

Kategori:Klippeformasjonar i Victoria Land Kategori:McMurdo Dry Valleys