Tørdal kyrkje er ei krosskyrkje frå 1809 i Drangedal kommune i Telemark.

Tørdal utgjer den øvre delen av kommunen, og det har vore kyrkje i bygdesenteret Bø sidan mellomalderen. Ei stavkyrkje vart avløyst av ei tømra kyrkje 1748. Denne kyrkja var for lita og i dårleg stand allereie etter hundreårsskiftet.

Tørdal kyrkje er ei lafta krosskyrkje som vart oppført av byggmeister Kittil Johnsen. Kyrkja fekk nytt tårn ved ei større vøling i 1910. Av ytre form liknar kyrkja ein god del på hovudkyrkja i Prestestranda. Interiøret vart fargerestaurert til jubileet i 1959 etter planar av Finn Krafft. Kyrkja har preikestolaltar, noko som er ganske typisk for den tida då ho vart bygd. I dag nyttar presten ein preikestol frå 1883.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Kategori:Kyrkjer i Drangedal Kategori:Kyrkjer i Bamble prosti Kategori:Norske kyrkjer frå 1800-åra Kategori:Krosskyrkjer i Noreg Kategori:Kulturminne i Drangedal Kategori:1809 i Noreg