Tvisyn viser til det å ha to synspunkt på ei sak. Omgrepet kan brukast negativt, om å vera usikker og vaklande, eller positivt, om å vera gjennomtenkt og nyansert. Ambivalens (av latin ambo, ‘begge’ og valentia, ‘styrke’) er eit tilsvarande omgrep om å ha fleire meiningar eller kjensler som kan vera motstridande.

Innan klinisk psykiatri og psykologi kan ein kalla ei manglande evne til å ta stilling og val «ambivalens». Dette er noko ein kan sjå ved nokre psykiske lidingar, som schizofreni.

I norsk litterær samanheng blir «tvisyn» særleg til forfattaren Aasmund Olavsson Vinje, som innførte omgrepet i Ferdaminne.

Kjelder

Kategori:Kjensler