thumb|left|160px|Altaret i Kviteseid gamle kyrkje Kviteseid gamle kyrkje er ei langkyrkje av stein i Kviteseid kommune i Telemark. Kyrkja står i nærleiken av Kviteseid bygdetun.
Kyrkja var i mange år datert til midten av 1100-talet, men nyare forsking peikar mot ca. 1260.Sjå t.d. reportasje i Vest-Telemark blad frå 2008 om arbeid utført av Ola Storsletten frå NIKU. Storsletten daterer botnsvilla til omkring 1260. Kan hende har forskjellige delar forskjellige aldrar. Kyrkja er uansett ei av dei eldste kyrkjene i Telemark. Våpenhuset framfor portalen er frå 1700-talet, og takryttaren er frå 1800-talet.
Kyrkja har innviingskors frå 1200-talet i koret, og det er avdekka kalkmåleri og inskripsjonar frå 1500- og 1600-talet. Himlinga vart endra i 1713–14 og er dekorert med blomerankar måla av Thomas Blix. Blix har òg dekorert galleribrystninga i skipet.
Kyrkja står usentralt i bygda og vart som soknekyrkje avløyst av Kviteseid nye kyrkje i 1916. Ho vart forsiktig restaurert i 1929 og 1969.
Orgelet vart i si tid bygd for Flatdal kyrkje, og vart restaurert av Henrik Brinck Hansen og montert i Kviteseid gamle kyrkje i 2002.
Kjelder
Kyrkjesøk – Kviteseid gamle kyrkje
Bakgrunnsstoff Kunsthistorie.com Lokalhistoriewiki Kviteseid kommune om kyrkjene i kommunen
Vest-Telemark museum
Fotnotar
Kategori:Kyrkjer i Øvre Telemark prosti Kategori:Kyrkjer i Kviteseid Kategori:Norske kyrkjer frå 1200-talet Kategori:Norske steinkyrkjer frå mellomalderen Kategori:Langkyrkjer i Agder og Telemark bispedømme Kategori:Kulturminne i Kviteseid Kategori:Valkyrkjer i 1814 Kategori:Freda bygg i Telemark