Andreas Diesen () er ein norsk skodespelar og NRK-programleiar i ei årrekkje. Han er son av komikarane Kari og Ernst Diesen.
Andreas Diesen starta karrieren sin som barneskodespelar, m.a. i Aldri annet enn bråk (1954) av Edith Carlmar. I seinare tid har han oftare arbeidd som manusforfattar og regissør. Diesen har vore tilknytt NRK gjennom heile vaksenlivet, og har m.a. arbeidd med Jon Skolmen og Trond Kirkvaag.
Andreas Diesen har omsett fleire musikalar og komediar til norsk. Ein av desse er Olsenbanden og Dynamitt-Harry på sporet (1977), som opphavleg var ein dansk komedie. Diesen er sitjande formann i Norsk Revyforfatterforening. Då Diesen vart feira ved tildelinga av Kongens fortenestmedalje i 2012, sa kringkastingssjef Hans Tore Bjerkaas at Diesen truleg er den som har størst fagkunnskap om revyhistoria i Noreg.Nrk.no (9. mars 2012) Andreas Diesen hedret med medalje. Vitja 12. februar 2014. Underhaldningssjef Charlo Halvorsen, som overrakte prisen til han, skildra han som eit vandrande leksikon og la til: «Det som er flott, er at han raust deler kompetansen».Nrk.no (29. februar 2012) Kongen hedrer sengeliggende NRK-profil. Vitja 12. februar 2014.
Prisar og utmerkingar
Riddar av Oslo journalistklubbs orden Blækspruten. Chaplinprisen ved underhaldningsfestivalen i Montreux. 1995: Leif Justers ærespris 2005: Leonardstatuetten for sitt arbeid med å ta vare på norsk komediehistorie. 2012: Kongens fortenestemedalje i sølv 2012: Fagprisen under utdelinga av KomiprisenNrk.no (25. august 2012) Disse er årets morsomste. Vitja 12. februar 2014.
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Sjølvbiografi skrive av Andreas Diesen (engelsk) i IMDb.
Kategori:Norske komikarar Kategori:Norske manusforfattarar Kategori:Norske omsetjarar Kategori:Norske regissørar Kategori:Norske skodespelarar Kategori:Programleiarar for NRK Kategori:Kongens fortenestmedalje i sølv Kategori:Norske Eurovision Song Contest-poengutdelarar