Mount Kenya er eit fjellmassiv i Kenya, det nest høgste i Afrika etter Kilimanjaro. Høgste fjelltoppane i Mount Kenya er 5 199 meter over havet høge Batian medan toppane Nelion og Lenana er høvesvis 5 188 moh. og 4 985 meter over havet. Mount Kenya ligg sentralt i Kenya, straks sør for ekvator, rundt 150 kilometer nord-nordaust for hovudstaden Nairobi. Mount Kenya er opphav til namnet på republikken Kenya.

mini|venstre|Mount Kenya

Mount Kenya er ein stratovulkan som vart danna for om lag tre millionar år sidan, rett etter den austafrikanske sprekka oppstod. Fjellmassivet var dekt av ein isbre i tusenvis av år, noko som har ført til at fjellskråningane er sterkt nedslitne, med mange dalar som spreier seg ut frå midten av massivet. I dag finst 11 små isbrear i Mount Kenya-massivet. Dei skogkledde bergskråningane er ei viktig vasskjelde for mykje av landet Kenya.

Fjelltoppen vart bestigen fyrste gongen i 1899.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Mount Kenya» frå , den 15. februar 2014.

Kategori:Fjell i Afrika Kategori:Høgaste punkt Kategori:Kenyansk geografi