Vigdís Finnbogadóttir () var den fjerde islandske presidenten og hadde embetet frå 1980 til 1996. Ho var den første demokratisk valde kvinnelege presidenten i verda.

Liv og virke Vigdís Finnbogadóttir studerte litteratur og drama ved universitetet i Grenoble, ved Sorbonne i Paris og ved Háskóli Íslands (Universitetet på Island). Ho studerte engelsk og fransk litteratur (med hovudvekt på den dramatiske litteraturen til desse to språka).

Ho var kunstnarleg leiar av teateret i Reykjavík (Leikfélag Reykjavíkur) frå 1972 til 1980. Frå 1976 til 1980 var ho medlem av den rådgjevande kulturkomitéen til Nordisk Råd, og leiar frå 1978 til 1980. I 1982 vart ho tildelt storkrossen med kjede av St. Olavs Orden.

Ved presidentvalet i 1980 vart Vigdís Finnbogadóttir den første kvinna i verda som vart vald til statsoverhovud i eit demokratisk val. Ho vart attvald utan motkandidat i 1984 og 1992, og vann over motkandidaten med overveldande fleirtal ved presidentvalet i 1988.

Vigdís Fínnbogadóttir er «goodwillambassadør» for UNESCO, med spesielt ansvar for å fremje språkleg mangfald, kvinnenes rettar og rett til utdanning.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Kategori:Kvinner i historia Kategori:Første kvinnelege stats- og regjeringsleiarar Vigdís Finnbogadóttir Vigdís Finnbogadóttir Kategori:St. Olavs Orden Kategori:Elefantordenen