Doolittle Bluff er ein stor fjellskrent ved enden av Suessbreen, på nordsida av Taylor Valley i Victoria Land. Frå firnen ved Suessbreen stig skrenten 500 meter til toppområdet på 1835 moh. Han vart namngjeven av Advisory Committee on Antarctic Names (1997) etter John H. (Jack) Doolittle, ein amerikansk fysikar som var forskingssjef ved Siple-stasjonen vinteren 1977, forskar ved Lockheed Martin Palo Alto Research Laboratory, Space Physics Laboratory, frå 1983; og fysikar der frå 1993. Han studerte polarlys ved Sørpolen sidan 1983 og hadde 20 arbeidsturar til Antarktis (McMurdo, Siple og Amundsen-Scott-stasjonen) frå 1975–76.

Kjelder

Kategori:Klipper i Victoria Land Kategori:McMurdo Dry Valleys