Lake Burton, òg kalla Burton Lagoon, er ein meromiktisk og salt innsjø i Vestfold Hills i Princess Elizabeth Land i Aust-Antarktis, som høyrer til Australsk Antarktis. Innsjøen har eit overflate areal på 1,35 km², eit volum på 9,69 million m3, ei største djupne på 18,3 m og ei middeldjupne på 7,16 moh. Innsjøen er kalla opp etter H.R. Burton, ein biolog som arbeidde i Vestfold Hills i Antarktis.

Innsjøen er dekt av is 10-11 månader av året. Ein tidvasskanal knyter innsjøen til Krokfjorden i 6-7 månader av året. Tidvasskanalen har ei breidde på kring 20 meter og er kring 2 meter djup. Lake Burton er den einaste meromiktisk lagunen som er ein del av Det antarktiske særskilde verneområdet (ASPA) nr. 143 i Aust-Antarktis, og ein må ha særskild løyve for å vitje innsjøen.

Ein diatoméanalyse av lagunen har vist at han inneheld 41 artar og er eit rikt lager av psykrofile fotosyntetiske bakteriar. Den heterotrofe bakterielle mikrobiotaen og økologien til dei fotosyntetsiek bakteriar i Lake Burton vart studert i 1970-åra og 1980-åra. Dei fann òg ut at saltinnhaldet aukar nedover i djupna, og fører til vatn med høg tettleik og eit mijø med lys om sommaren, mørkre om vinteren, og oksygenhalding og oksygenfattig vatn, diktert av fototrofe bakteriar.

Geografi og klima

Lake Burton ligg ved Ingrid Christensen Kyst i Princess Elizabeth Land, ved omtrent same lengdegrad som India. Området av kystlinja ligg mellom Jennings Promontory, ved 72°33'E og vestenden av Westisen ved 81°24'E i vestre halvdelen av Princess Elizabeth Land, like aust for Ameryisen. Innsjøen er kalla opp etter H. R. Burton, ein biolog som arbeidde i Vestfold Hills i Antarktis. Innsjøen, som tidlegare var ein fjord, er dominerer vestsida av Vestfold Hills-området og det som i dag er kjend som Mulehalvøya. Innsjøen ligg nordvest for Sørdsdalbreen, søraust for Oldroyd Island og sørvest for Trynøyane. Innsjøen har eit areal på 1,35 km², eit volum på 9,69 million m3, ei største djupne på 18,3 moh. og ei middeldjupne på 7,16 moh.

Klima i verneområdet vert registrert ved Davis-stasjonen, som ligg 10 km nordvest for Marine Plain, ikkje langt frå innsjøen. Vêrdata ved denne stasjonen vil derfor òg skildre innsjøen godt. Området har eit maritimt arktisk klima som er kaldt, tørt og vindfult, med soldagar om sommaren. Temperaturen varierer frå -1 °C til 3 °C om sommaren med ein maksimumstemperatur på 5 °C. Temperaturen held seg under 0 °C det meste av året. Om vinteren er temperaturen ned mot -40,7 °C.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Lake Burton» frå , den 23. februar 2014. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff Fotografi ved innsjøen i solnedgang

Kategori:Brevatn Burton, Lake Kategori:Saltsjøar