Nedresjøen (tysk Untersee) er den største innsjøen i det indre av Gruberfjella sentralt i Dronning Maud Land i Aust-Antarktis. Han ligg 90 km sørvest for Schirmacheroasen. Innsjøen er kring 6,5 km lang og 2,5 km brei, med eit areal på 11,4 km², og ei største djupne på 169 m. Innsjøen er permanent isdekt og grensar delvis til isbrear.

Nedresjøen er ein uvanleg innsjø med ein pH mellom 9,8 og 12,1>, med opplyst oksygen i eit nivå på 150 prosent overmetting og særs låg primærproduksjon i vassøyla. Trass id et høge oksygeninnhaldet, er det eit lite område i sørenden som er oksygenfattig der sedimenta har ein høgare konsentrasjon av metan enn nokon annan kjend innsjø på jorda. Mykje av primærproduksjonen er i mikrobesamfunn som veks på botnen av innsjøen som stromatolittar. Vasstemperaturen varierer mellom 0,5 °C og 5 °C og isen som dekkjer innsjøen er 2-6 meter tjukk. Isdekket kan ha vart i over 100 000 år og somme klimaforskarar fryktar store miljømessige endringar i samband med global oppvarming dei neste tiåra.

Geografi mini|Kart som syner plasseringa til Nedresjøen Nedresjøen ligg i det indre av Gruberfjella sentralt i Dronning Maud Land i Aust-Antarktis, og ligg på kring same lengdegrad som Huab i Skeleton Coast National Park på nordkysten av Namibia. Han ligg 90 km sørvest for Schirmacheroasen.

Innsjøen er kring 6,5 km lang og 2,5 km brei og har eit areal på 11,4 km². Den strøste djupna er 169 m. Han er permanent isdekt og er demd opp av Anuchinbreen og smeltevatn frå Anuchinbreen er hovudvasskjelda. Innsjøen har ingen utløp. Vatnet forsvinn gjennom sublimasjon og ablasjon frå isdekket. Innsjøen er kategorisert som ein ultra-oligotrofisk innsjø.

Historie Innsjøen vart oppdaga av Den tyske antarktisekspedisjonen i 1938–39. Etter det har fleire ekspedisjonar studerte eigenskapane i innsjøen. Den første studien av innsjøen vart utført av N.G. Kosenko og D.D. Kolobov tidleg i 1969, og sidan fleire studiar av russiske og tyske forskarar.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Nedresjøen i Dronning Maud Land» frå , den 23. februar 2014. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff

QuickTimevideo frå 2008 av ekspedisjonen til Nedresjøen

Kategori:Innsjøar i Dronning Maud Land