Wright Valley er den sentrale av dei tre store Dry Valleys i Dei transantarktiske fjella, vest for McMurdo Sound. Han har namn etter C.S. Wright, som var medlem av Terra Nova-ekspedisjonen.

[Onyx River]], den lengste elva i Antarktis, renn gjennom dalen, og her ligg Lake Brownworth, som er kjelda til Onyx River og Lake Vanda, som får vasstilførsel frå Onyx River. I den sørvestlege greina, South Fork, ligg Don Juan Pond. Den øvre delen av dalen vert kalla Labyrinth og ligg i vestenden av dalen.

Sjølv om delar av det samanhengdande dalsystemet vart oppdaga i 1903 av Discovery-ekspedisjonen leia av kaptein Scott, vart ikkje Wright Valley, som ligg nær midten av systemet, sett før det vart teke flyfoto av området i 1947.Harrowfield, David L., 2005: Vanda Station, History of an Antarctic Outpost. New Zealand Antarctic Society. ISBN 0-473-06467-7.

I midten av 1960-åra byrja det å gå opp for forskarane at sjølv om dalen låg like ved den permanente austantarktiske innlandsisen, så hadde dalen vore isfri i minst tusenvis av år.*McKelvey, B. C., and P. N. Webb, 1962: «Geological investigations in the south of Victoria Land i Antarctic, 3. Geology av Wright Valley.» New Zealand Journal of Geology and Geophys. 5, 143-162. Lake Vanda, får vatn tilført om sommaren frå Onyx River og har uvanleg varmt vatn i djupet. Sjølv om han er dekt av eit kring 3 meter tjukt islag året rundt, er vasstemperaturen 65 meter nede i djupna kring 25 ºC.Ragotzkie, R. A., and G. Likens, 1964: «The heat balance of two Antarctic lakes.» Limnology and Oceanography 9, 412-425 Mangelen på snø, innsjøar med høge temperaturar, uvanlege bergformasjonar, mumifiserte selar, og nesten fullstendig mangel på planteliv har gjort staden til ein ynda stad for forskarane.

I 1968 oppretta New Zealand Vanda-stasjonen nær austenden av Lake Vanda.

Sjå òg Victoria Valley (nord) Taylor Valley (sør)

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Wright Valley» frå , den 27. februar 2014.

Bakgrunnsstoff Panoramabilete av Wright Valley sett frå Dais-intrusjonen

Kategori:Dalar i Victoria Land Kategori:McMurdo Dry Valleys Kategori:Stader i Antarktis kalla opp etter kanadiarar