Jean-Marc Nattier () var ein fransk rokokkomålar av portrett og landskap, fødd og død i Paris. Han er særleg kjend for sine tallause kvinneportrett.
mini|venstre|Portrett av Madam Berthelot, 1739 Liv og gjerning mini|Madam Pompadour som jaktgudinna Diana, 1746
Nattier var son til ein målar, også mor hans dreiv med måling. Sjølv vart han lært opp av faren og ein morbror, allereie 18 år gammal vart han teken opp i det franske kunstakademiet. 25 år gammal vart han vide kjend for å ha laga teikningane til nokre populære koparstikk. I 1715 reiste han til Amsterdam og møtte tsar Peter den store, og måla portrett av tsaren og tsarinaen. Eit tilbod om å verte med til Russland, takka han nei til.
Dei neste åra arbeidde Nattier også med landskapsmåleri. I 1720 var han ein av dei som gjekk dundrande konkurs etter den økonomiske stats-kollapsen i Frankrike. Dermed måtte han konsentrere seg om den langt meir lukrative portrettmålinga. Gjennom fleire tiår var han portrettmålar for den franske eliten, med kongefamilien på toppen. Nattier er kjend for sine forfina, men gjenkjennelege portrett av unge kvinner, pg for å ha skapt mote med å nytte ein klassisk bakgrunn i portretta. Han utmerkte seg som ein meister i å gjengi glansen i ulike typar av tøy.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Jean-Marc Nattier» frå , den 3. mars 2014.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Franske målarar Kategori:Rokokkomålarar Kategori:Målarar frå 1700-talet Kategori:Kunstnarar frå Paris