Asbjørn Schaathun () frå DrøbakProfil på Mic.no er ein norsk samtidskomponist og professor i komposisjon ved Norges Musikkhøgskole. Han har drive pionerarbeid innan computerstøtta komponering i Noreg.

Asbjørn Schaathun har teke si musikalske utdanning ved Norges Musikkhøgskole og Royal College of Music i London, før han kom til det franske musikkforskingsinstituttet IRCAM i Paris. I 1992 gav han ut bestillingsverket Double Portrait for fiolin, ensemble og live-elektronikk herifrå. Schaathun er grunnleggjaren av Musikkhøgskolens Samtidsensemble som no går under namnet Oslo Sinfonietta. Frå 2006-2012 var han styreleiar i Norsk komponistforening, og formann i Nordisk komponistråd 2010-12.Biografi frå den offisielle nettsida Schaathun.org

Prisar og utmerkingarPrisar og utmerkingar frå Schaathun.org

1987: Årets utøvar av Norsk komponistforening 1991: Louis Vuitton-prisen for ACTIONS, INTERPOLATIONS & ANALYSES 1992: Årets verk av Norsk komponistforening for ACTIONS, INTERPOLATIONS & ANALYSES 1992: Bang & Olufsens musikkpris 1992: Verket ACTIONS, INTERPOLATIONS & ANALYSES kom på UNESCOs Rostrum for composers 1998: Verket OUR WHISPER WOKE NO CLOCKS... kom på UNESCOs Rostrum for composers 2007: Edvard-prisen for Double Portrait 2008: Lindemanprisen

Fotnotar

Kategori:Folk frå Frogn Kategori:Norske komponistar Kategori:Moderne komponistar Kategori:Professorar ved Norges Musikkhøgskole