Omgrepet melodi kjem frå gresk μέλος (melos), «song» og ωδή (odi), «ode» og er i musikken eit tonefølgje med ei klår byrjing og slutt.

Ein melodi er ofte ei vise, altså ein song som er tonesett. I klassisk musikk blir ein melodi som regel kalla eit tema. Ein komposisjon består normalt av fleire tema med utleia strukturar. Fleire melodiar kan stå fram samstundes (polyfoni). I popmusikk brukar ein ofte to melodiar i éin song, hovudmelodien (verset) og refrenget. I jazz vert ein melodi ofte brukt som utgangspunkt for improvisasjon.

Språkvitskapen kjenner omgrepet setningsmelodi som skildrar modulasjonen av stemmehøgda når ei setning vert uttalt.

Kategori:Musikkteori Kategori:Greske ord og uttrykk