Raisa Petrovna Smetanina () er ein sovjet-russisk tidlegare langrennsløpar frå landsbyen Mokhtsja i republikken Komi i Russland. Ho deltok i samtlege internasjonale meisterskap på ski i åra frå 1974 til 1992, og vann ti VM-medaljar og like mange OL-medaljar. I 1981-sesongen vann ho verdscupen i langrenn, i 1984 kom ho på andreplassen. Smetanina er den einaste langrennaren som har vunne medalje i fem ulike OL. Under OL i Albertville i 1992 vart ho tidenes eldste kvinnelege OL-vinnar, fjorten dagar før 40-årsdagen.

Aktiv Smetanina debuterte internasjonalt under VM på ski 1974 i Falun. Ho deltok på 5 km og tok bronsemedaljen med 1,3 sekunds margin til Barbara Petzold frå DDR. Prestasjonen sikra henne ein etappe på Sovjetunionen sitt lag i 4x5 km stafett, eit lag som tok VM-gullet, 12 sekundar føre DDR.

I 1976 vart Smetanina den store langrennaren under dei olympiske leikane i Innsbruck, på kvinnesida i knivskarp tevling med Helena Takalo frå Finland. På opningsdistansen 10 km sigra Smetanina, med 0,8 sekund til gode på Takalo. Nokre dagar seinare vart Smetanina nummer to på 5 km, 1,1 sekund bak Takalo på resultatlista. Til sist i olympiaden gjekk Smetanina, som i 1974, tredjeetappen for Sovjetunionen på stafetten, ei øving som enda med OL-gull for sovjet-kvinnene.

Også i ski-VM i Lahti i 1978 tok Smetanina tre medaljar. Ho starta med ein sølvmedalje på 10 km, og heldt fram med å take ein bronsemedalje på 5 km og i 4x5 km stafett. På den aller fyrste 20-kilometeren i eit internasjonalt kvinnemeisterskap kom ho på fermteplass.

Vinterleikane 1980 starta med ein fjerdeplass på 10 km for Smetanina. Deretter vart ho olympisk meister på 5 km med nøyaktig fem sekundar betre tid enn toaren, Hilkka Riihivuori frå Finland. Til sist i OL gjekk Smetanina Sovjetunionen inn til sølv på stafetten, over minuttet bakom DDR sitt lag. Seinare på vinteren 1980 vart det i Falun arrangert VM på 20 km, her tok ho bronsemedaljen. Sesongen 1981 vann Smetanina den andre verdscupen i langrenn for kvinner.

Smetanina vann si tredje og siste indviduelle gullmedalje då ho vart verdsmeister på 20 km under Ski-VM 1982 i Oslo. Etter ein svak 10 km fekk ho ein sølvmedalje med Sovjetunionen på stafetten over 4x5 km, men hennar store stund kom på den avsluttande 20 km. Her kjempa ho drabeleg mot VM-dronninga Berit Aunli som hadde vunne gull på alle dei tre avvikla øvingane. Dei to var i ein klasse for seg, med over minuttet betre sluttid enn bronsevinnaren. I mål stoppa klokka på 3,4 sekundar i Smetaninas favør.

Både under Vinter-OL 1984 og 1988 tok Smetanina sølv på 10 km. I Sarajevo vart ho einast slått av finske Marja-Liisa Kirvesniemi både på 10 km og 20 km, medan det var lagkameraten Vida Vencienė som vart olympisk meister på 10 km i Calgary i 1988. I Calgary vart elles Smetanina nummer tre på 20 km langt bak landskvinnene Tamara Tikhonova og Anfisa Reztsova.

Smetanina deltok i fire ski-VM etter 1984 og fekk med seg stafett-gull både i 1985 og 1991, samt eit stafett-sølv i 1989. Individuelt vart det ingen medalje på henne, ho vart som best nummer fire i tre verdsmeisterskap på rad. Også i sitt siste store meisterskap, Vinter-OL 1992, enda ho opp med ein individuell fjerdeplass, men her erobra ho sitt åttande OL- eller VM-gull, like mange av kvar, då ho gjekk andre etappen for det siste Sovjet-baserte stafettlaget.

Ho la opp etter 1992-sesongen, 40 år gammal.

Medaljar og besteplasseringar i internasjonale meisterskap Ski-VM 1974 i Falun: Bronse på 5 km, gull på stafetten Vinter-OL 1976 i Innsbruck: Gull på 10 km og i stafett, sølv på 5 km Ski-VM 1978 i Lahti: Sølv på 10 km, bronse på 5 km og stafett, nr 5 på 20 km Vinter-OL 1980 i Lake Placid:1980: Gull på 5 km, nr 4 på 10 km, sølv på stafetten Ski-VM 1980 i Falun: Bronsemedalje på 20 km Ski-VM 1982 i Oslo: Gull på 20 km, sølv på stafetten Vinter-OL 1984 i Sarajevo: Sølvmedalje på 10 km og på 20 km Ski-VM 1985 i Seefeld: Gullmedalje på stafetten, nr 4 på 10 km Ski-VM 1987 i Oberstdorf: Nr 4 på 5 km Vinter-OL 1988 i Calgary: Sølv på 10 km og bronse på 20 km Ski-VM 1989 i Lahti:Nr 4 på 15 km, nr 5 på 10 km klassisk stil, sølvmedalje på stafetten Ski-VM 1991 i Val di Fiemme:: Gullmedalje på stafetten, nr 11 på 5 km Vinter-OL 1992 i Albertville: Gullmedalje på stafetten, nr 4 på 15 km

Smetanina vart tildelt Holmenkollmedaljen i 1979.

Kjelder Sportsboken, aktuelle årgangar.

Kategori:Sovjetiske langrennsløparar Kategori:Russiske langrennsløparar Kategori:Verdsmeistrar i langrenn Kategori:Vinnarar av Holmenkollmedaljen Kategori:Olympiske meistrar for Sovjetunionen Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar for Sovjetunionen Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar for Sovjetunionen Kategori:Olympiske meistrar for SUS Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 1976 Kategori:Sovjetiske deltakarar under vinter-OL 1976 Kategori:Langrennsløparar under vinter-OL 1976 Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 1980 Kategori:Sovjetiske deltakarar under vinter-OL 1980 Kategori:Langrennsløparar under vinter-OL 1980 Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 1984 Kategori:Sovjetiske deltakarar under vinter-OL 1984 Kategori:Langrennsløparar under vinter-OL 1984 Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 1988 Kategori:Sovjetiske deltakarar under vinter-OL 1988 Kategori:Langrennsløparar under vinter-OL 1988 Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 1992 Kategori:Deltakarar for SUS under vinter-OL 1992 Kategori:Langrennsløparar under vinter-OL 1992