Wilkes Land-krateret kan syne til to forskjellige nedslagskrater gøymd under innlandsisen i Wilkes Land i Aust-Antarktis. Desse er skild med namna Wilkes Land anomaly og Wilkes Land mascon (massekonsentrasjon).

Wilkes Land anomaly Eit enormt nedslagskrater under isdekket i Wilkes Land vart først indikert av R.A. Schmidt i 1962 basert på seismiske målingar og målingar av gravitasjon under den amerikanske Victoria Land Traverse i 1959–60 (VLT), og data gjeven til Schmidt av J.G. Weihaupt, geofysikar av VLT (Geophysical Studies in Victoria Land i Antarktis, Report No. 1, Geophysical and Polar Research Center, University of Wisconsin, 1–123).

Hypotesen vart lagt fram i detalj i ein artikkel av J. G. Weihaupt i 1976. Bevisa som vart lagt fram var mellom anna ein stor negativ gravitasjonsanomali som samsvarar med eit subglasialt topografisk søkk som målte 243 km på tvers og ei djupne på minst 848 m.

Wilkes Land mass concentration mini|300px|Kart over Antarktis som syner Wilkes Land, med det potensielle krateret avmerkt i raudt. Wilkes Land massekonsentrasjon (eller mascon) ligg med senter ved og vart først rapporterte på ein konferanse i mai 2006 av eit forskarlag leia av Ralph von Frese og Laramie Potts frå Ohio State University.

Gruppa nytta gravitasjonsmålingar til å identifisere ein 300 km brei massekonsentrasjon og merka seg at masseanomalien ligg i midten av ein større ring-liknande struktur som er synleg på radarbilete av landoverflata under innlandsisen i Antarktis. Denne kombinasjonen gjorde at dei meinte det var eit 480 km breitt nedslagskrater gravlagd under isen. Sidan krateret ligg under isdekket er det ikkje mogeleg å ta direkre prøvar som kan bevise eit nedslag. Det finst òg alternative forklaringar for denne massekonsentrasjonen, som danning av ein mantelplum eller anna omfattande vulkansk aktivitet. Om det faktisk er eit nedslagskrater, så kan det basert på storleiken til ringstrukturen ha vore fire til fem gonger større enn nedslaget som skapte Chicxulubkrateret, som ein trur skapte Krit–paleogen-utryddinga.

Fordi massekonsentrasjonar på jorda er venta å forsvinne over tid, meiner von Frese at strukturen er mindre enn 500 millionar år gammal, og det verkar å ha blitt forstyrra av ein riftdal som oppstod for 100 millionar år sidan då Australia skilde seg frå superkontinentet Gondwana.

Desse forskarane spekulerer derfor i at nedslaget og krateret som oppstod kan ha svekka skorpa på denne staden. Det er òg mogeleg at hendinga kan ha vore knytt til perm-trias-utryddinga. Perm-trias-utryddinga skjedde for 250 millionar år sidan og ein meiner dette er den største utryddinga sidan livet oppstod.

Rekonstruksjonar av korleis platene låg under perm-trias-utryddinga gjer at det potensielle krateret låg direkte motsett på jorda overfor Dei sibirske trappene og von Frese et al. (2009) har på bakgrunn av det sett fram ein kontroversiell teori om at nedslag kan utløyse massiv vulkansime på andre sida av jorda for nedslaget.von Frese, R., Potts, L., Wells, S., Leftwich, T., Kim, H., et al., 2009, «GRACE gravity evidence for an impact basin in Wilkes Land in Antarctica», Geochemistry, Geophysics, and Geosystems, v. 10.

Det finst òg andre kandidatar for enorme nedslag i nærleiken av grensa mellom perm og trias, til dømes Bedout utanfor nordkysten av Vest-Australia.

At det ikkje finst eit veldefinert lag av stein som ville ha vorte kasta rundt eit slikt nedslagskrater i Victoria Land og sentralt i Dei transantarktiske fjella talar imot at det er snakk om eit nedslagskrater.Retallack, G.J., A. Seyedolali, E.S. Krull, W.T. Holser, C.A. Ambers, and F.T. Kyte, 1998, Search for evidence of impact at the Permian–Triassic boundary in Antarctica and South Australia. Geology. v. 26, s. 979–982.Retallack, G.J., T. Greaver, and A. H. Jahren, 2007, Return to Coalsack Bluff og Permian–Triassic boundary in Antarctica. Global and Planetary Change. v. 55, s. 90–108.

Sjå òg Vredefortkrateret Perm-trias-utryddinga Krit–paleogen-utryddinga Chicxulubkrateret Bedout

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Wilkes Land crater» frå , den 8. mars 2014. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff Nedslagskrater via Ohio State University Giant Crater Found: Tied to Worst Mass Extinction Ever Robert Roy Britt (SPACE.com) 1 June 2006 06:07 p.m. ET Does a giant crater lie beneath the Antarktis ice? Bibliotecapleyades.net, 2 June 2006. Earth Impact Database

Kategori:Krater i Antarktis Kategori:Førhistorie i Antarktis Kategori:Masseutryddingar Kategori:Wilkes Land