Dikka Møller () var ein norsk pasifist og aktivist. Ho var ein pioner innan den kvinnelege fredsrørsla i Noreg frå 1890-åra da arbeidet kom i organiserte former.

Familie mini|venstre|Portrett av Dikka Møller, sumaren 1872.

Dikka Møller var dotter av grosserar Peter Martin Anker (1801–1863) og Cathrine (Thrine) Olava Nicoline Gløersen (1814–1902). Ho vart fødd på Rød herregard i Halden og høyrde til slekta Anker. Ho var syster av skulemannen Herman Anker (1839–1896) og industrimannen Christian August Anker (1840–1912).

Ho gifta seg med Edvard Johannes Møller til Thorsø i Fredrikstad i 1857. Dei blei foreldre til Kai Møller, som gifta seg med kvinnesakskvinna Katti Anker Møller.

Fredsarbeid I familien til Dikka Møller var ein levande oppteken av samfunnsspørsmål og politikk og ho sjølv var oppteken av rettane til kvinner, grundtvigianismen og især fredsarbeid. Ho hadde nær kontakt med Bjørnstjerne Bjørnson som ofte vitja ho.

I 1894 var ho med på å gje ut Det Norske Fredsblad i samarbeid med Bernhard Hanssen, Bjørnstjerne Bjørnson, Arne Garborg og Fredrik Bajer.Mats Rønning: Fredsfaar i gjentatt strid - historien om den folkelige fredsbevegelse i Norge før 1914, side 29 PDF

Seinare stifta ho Kvindernes Fredsforening. Ho var formann i Norges Fredsforening, som var stifta i 1885, i perioden 1898–1900.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Kategori:Norske godseigarar Kategori:Pasifistar Kategori:Folk frå Halden