SANAE IV er forskingsbasen til Den sørafrikanske nasjonale antarktisekspedisjonen som ein del av den sørafrikanske antarktisforskinga (SANAP). Dei to andre basane til SANAP er på Gough Island og Marion Island.

Stad Basen ligg i Dronning Maud Land aust i Antarktis og ligg på toppen av ein flat nunatak, Vesleskarvet, på kanten av Ahlmannfjella. Basen ligg kring 80 km frå kanten av kontinentet og 160 km frå kanten av isbremmen. Vesleskarvet er fullstendig dekt av is.

Bakgrunn Dei første tre SANAE-stasjonane låg på Fimbulisen nær kysten, men vart gradvis gravlagd i snø og is. SANAE IV var ønsket om ein meir permanent stasjon og stod ferdig i 1997, bygd på stylter som gjer at snøen kan blese under bygningane og dermed ikkje samle seg opp langs veggane.

Stasjonen har oransjefarga tak for at han skal vere lettare å sjå frå lufta. Undersida av stasjonen er måla blå fordi det i teorien skal føre til meir soloppvarming som reduserer oppbygginga av snø under stasjonen. I 1999 meinte Sør-Afrika at dette var for likt det gamle flagget til landet, og gav ordre om å måle det oransje taket lyseraudt. Taket vart verande oransje, medan undersida vart måla raud.

Basen er i drift året rundt av eit lag av forskarar og støttepersonell.

Sjå òg Det sørafrikanske nasjonale antarktisprogrammet Den sørafrikanske nasjonale antarktisekspedisjonen Stasjonar i Antarktis Antarktiskekspedisjonar

Kjelder Denne artikkelen bygger på «SANAE IV» frå , den 11. mars 2014. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff Det sørafrikanske nasjonale antarktisprogrammet - offisiell nettstad SANAE IV på Polar Conservation Organisation Bilete av området

Kategori:Sør-Afrika og Antarktis Kategori:Utpostar i Dronning Maud Land Kategori:Kronprinsesse Märtha Kyst Kategori:1997 i Antarktis Kategori:Busetnader grunnlagde i 1997