Little America var ei rekkje utforskingsbasar på Rossisen, sør for Hvalbukta i Antarktis.
Den første basen vart oppretta i januar 1929 av Richard Byrd og vart fråreist i 1930. Det var her filmen With Byrd at the South Pole (1930) vart filma, om flyturen til Byrd til Sørpolen. Little America II vart oppretta i 1934, kring 10 meter frå den originale basen, der noko av den originale basen var tilgjengeleg via ein tunnel. Denne basen var i drift ei kort stund flytande på eit isfjell i 1934, men det fraus fast att til hovudbreen.
Little America III vart oppretta 10 km lenger nord i 1940–1941 og Little America IV vart oppretta i 1946–1947.
Little America V vart oppretta ved Kainan Bay, kring 50 km mot aust den 3. januar 1956. Little America V tente som den amerikanske basen i sør under Det internasjonale geofysiske året.. Little America V vart bygd av US Navy Seabees i løpet av tre månadar, før den antarktiske vinteren gjorde resten av bygginga umogeleg. Heile Little American V vart bygd nedanfor snølinja i isen, med forskjellige bustadkvarter, generatorrom, kafeteria og rampar for beltekjøretøy. Denne konstruksjonstypen gjorde at ingen ved Little America V trengde å gå ut døra i den harde vinteren når ein skulle frå ein seksjon til ein annan. «Seabees Build A Town." Popular Mechanics, June 1956, s. 89-94.
Frå Little America vart den førte suksessrike radiosendinga frå Antarktis, og hadde regelmessige sendingar som kunne plukkast opp på radioar i f.eks. USA, meir enn 17 000 km unna.
Staden der Little America III låg vart ført til sjøs i 1963. Staden der Little America V låg følgde Isfjell B-9 til sjøs i 1987.
Sjå òg Antarktisekspedisjonar
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Little America» frå , den 11. mars 2014. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff Paper by CE Palmer, RNZAF on Winds at Little America, 1929
Kategori:Utpostar i Antarktis Kategori:United States Antarctic Program Kategori:Utpostar i Ross Dependency Kategori:1929 i Antarktis