Karl Gylche () var ein norsk lensmann og stortingsmann fødd i Trondheim.
Far til Gylche var tilsett i det norske forsvaret som «batterichef». Sjølv var han kontorist og seinare fullmektig hos futen på Ørlandet, før han reiste til Tromsø og var fullmektig hos byfuten. År 1841 vart han lensmann i Trondenes, berre 20 år gammal. I 1862 fekk han lensmann-stillinga i Inderøy, men fem år seinare tok han over som overkontrollør av brennevins- og maltproduksjonen i Trondhjems distrikt. Han budde på Bragstad i Inderøy før han flytta til Stiklestad i Verdal, der han døydde i 1878.
Gylche møtte fyrste gongen på Stortinget som fyrste varamann for Finmarkens amt den 9. juli 1857, og heile 1858-sesjonen, for Stephen Thomas. Gylche representerte så Finmarken på Stortinget 1859-60, 1862-63 og det overordentlege Storting 1864. Han var i 1857 medlem av næringskomite nr 1, i 1959-60 var han sekretær i desisjonskomiteen og 1862-63 av næringskomite nr 2. I 1860 var Gylche med i deputasjonen som Stortinget sende til kongekroninga i Stockholm.
Kjelder Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
Kategori:Stortingsrepresentantar 1857-1858 Kategori:Stortingsrepresentantar 1859-1861 Kategori:Stortingsrepresentantar 1862-1864 Kategori:Folk frå Trondheim