Kunlun-stasjonen (kinesisk 昆仑站, 崑崙站, Kūnlún Zhàn) er ein av tre kinesiske stasjonar i Antarktis.
Han ligg 4087 moh., 7,3 km sørvest for Dome A og vart offisielt opna 27. januar 2009. Når han er ferdig utbygd vil han dekkje eit område på 558 m². Hovudbygningen, som dekker 236 m², vart reist i april 2009.
Staden er ein av dei kaldaste i verda med temperaturar stundom under −80 °C om vinteren. Satelittmålingar har indikert at stader i nærleiken kan nå verdsrekorden med -90 °C.Minus credibility? Antarctic record low temperature disputed
I april 2012 vart den første av tre antarktiske Schmidt-teleskop (AST#) reist ved Kunlun Station. Dei to andre vart installert i 2013 og 2014. Eit større optisk teleskop, Kunlun Dark Universe Survey Telescope (KDUST), er planlagt å vere ferdigbygd innan 2020.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Antarctic Kunlun Station» frå , den 15. mars 2014. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff Det kinesiske polare forskingsinstituttet
Kategori:Utpostar i Antarktis Kategori:Kina og Antarktis Kategori:Busetnader grunnlagde i 2009 Kategori:2009 i Antarktis Kategori:Utpostar i Princess Elizabeth Land