Bellingshausen-stasjonen er ein russisk (tidlegare sovjetisk) stasjon i Antarktis ved Collins Harbour på King George Island i Sør-Shetlandsøyane. Han vart ein av dei første stasjonane oppretta av Den sovjetiske antarktisekspedisjonen i 1968. Her ligg Treeiningskyrkja, den einaste permanent drivne ortodokse kyrkja i Antarktis. mini|Gjørme kring basen. På åstoppen vart det bygd ei ortodoks kyrkje i 2004.

Stasjonen er knytt saman med dårlege vegar til stasjonar i nærleiken: chilenske Base Presidente Eduardo Frei Montalva, kinesiske Great Wall-stasjonen og uruguayanske Artigasbasen.USAIT 2006

Den antarktiske halvøya og dei nærliggande øyane er rekna for å ha det mildaste klimaet i Antarktis. Middeltemperaturen ved stasjonen er i den kaldaste månaden (august) -6,8 °С og +1,1 °С i februar, den varmaste.

Bilete av Bellingshausen

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Bellingshausen Station» frå , den 16. mars 2014. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff US Antarctic Inspection Team 2006: Report of Inspections under Article VII av Antarktistraktaten and Article 14 av Protocol on Environmental Protection. March 21, 2007 Den offisielle nettsida til Arktisk og antarktisk forskingsinstitutt AARI om Bellingshausen-stasjonen COMNAP

Kategori:Utpostar på Sør-Shetlandsøyane Kategori:Russland og Antarktis Kategori:Sovjetunionen og Antarktis Kategori:Geografi på King George Island Kategori:1968 i Antarktis Kategori:Busetnader grunnlagde i 1968