Port-aux-Français er ein forskingsstasjon på Kerguelen i Dei franske sørterritoria sør i Indiahavet og den einaste faste busettinga på øya. Stasjonen ligg ved Morbihanbukta og har kring 60 innbyggjarar kvar vinter. Om sommaren er det meir enn 120 personar her.
Stasjonen vart vald ut på grunn av den skjerma plasseringa som var høvande for ein rullebane som aldri vart bygt. Frå 1955 til 1957 ved hjelp av australsk utstyr, og eit fransk slakteselskap kalla Sidap, vart det bygd ein selfabrikk. Fabrikken opna etter det første bryllaupet på øyane, den 16. desember 1957. Fabrikken vart lagt ned i 1960 og utstyret sendt til Réunion i 2005.
Organisasjon Port-aux-Français har ei grunn hamn og ein kai for lossing frå forsyningsskip. Stasjonen består mellom anna forskingslaboratorium (biologi, geofysikk), tekniske installasjonar (meteorologi, telekommunikasjon, satellittsporing og meir), og eit lite legesenter.
Klima Hamna har subarktisk maritimt klima, liknande Reykjavík på Island eller Kodiak i Alaska.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Port-aux-Français» frå , den 17. mars 2014. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Geografi på Kerguelen Kategori:Busetnader grunnlagde i 1944 Kategori:1944 i Antarktis Kategori:Utpostar i Antarktis Kategori:Forskingsstasjonar