Gudmund Stenersen () var ein norsk målar og illustratør, fødd i Ringsaker i Hedmark. Både måleria og illustrasjonane hans er prega av stilretninga naturalismen, blanda med ein folkeleg tone.

Liv og gjerning mini|venstre|Midtsommernatt, 1907

Stenersen var fødd i Ringsaker, der far hans var dyrlækjar. Sjølv tok han examen artium på Hamar i 1883, før han utdanna seg til tannlækjar. På fritida dreiv han med måling, og allereie i 1885 vart I Baadstøe akseptert til Høstutstillingen i Kristiania. Etter å ha arbeidd som tannlækjar i Tønsberg frå 1886 til -89, studerte han under Léon Bonnat i Paris 1889-90. Seinare gjekk han i lære hos Fernand Cormon til 1892. Nokre år budde han i Stavanger, men var på studiereiser i Italia både i 1893 og -94. Frå 1898 var han busett i Kristiania.

I all hovudsak måla Stenersen i ein naturalistisk stil, med motiv frå Kristiania så vel som Odal, Gudbrandsdalen, Vestfold og Valdres. Elles portretterte han mange av sine samtidige, framståande personar. Han var også ein dyktig illustratør, noko bøker som Vestlandsviser (1898) av Vilhelm Krag, Fra fjeld og fremmed Land (1900) av Theodor Caspari, Smaafæ (1906) av Hans Aanrud, og hans eiga Besøg i skogen (1905) syner. Stenersen var formann i Tegneforbundet frå 1901 til 1926.

Stenersen er representert i Nasjonalgalleriet i Oslo med Fra Siena frå 1893, og Njosgardene i Valdres (1893-1902). Andre av hans mest kjende verk er Messesøndag frå 1893 og St. Hansbaal frå 1895.

Stenersen døydde i Oslo.

Galleri

Bakgrunnsstoff

bokillustrasjon.no

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Gudmund Stenersen» frå , den 25. mars 2014. Gudmund Stenersen hos Store Norske Leksikon Gudmund Stenersen hos Store Norske Leksikon utdypning

Kategori:Norske illustratørar Kategori:Norske målarar Kategori:Folk frå Ringsaker Kategori:Norske tannlegar Kategori:Naturalistiske målarar Kategori:Målarar frå 1800-talet Kategori:Målarar frå 1900-talet