Ramsjøen (arabisk بحيرة مسعدة, hebraisk בריכת רם) er ein kratersjø (maar) nordaust i Golanhøgdene, nær Hermon. Den einaste vasstilførsla til innsjøen er regnvatn og underjordiske kjelder. Det er ingen utsig frå innsjøen. Krateret er ein maar. Innsjøen har tradisjonelt blitt kalla «Berekhat Ram» (òg skrive Birket Ram), som tyder «høge bassenget».The Vilnay Guide to Israel, Volume 2, Beit-Or-Vilnay, 1999, p.298. Området er knytt til drusarane.Israel Ministry of Tourism Website

Arkeologi Staden har blitt utgravd og etter undersøkingar av sedimenta i innsjøen har ein konkludert med at området har vore tett folkesett fire gonger i historia, først tidleg i bronsealderen, den andre under den «den gresk-romerske-bysantinsk periodar», den tredje under krossfararokkupasjonen i mellomalderen, og til slutt i moderne tid. Mellom desse periodane vart område overgrodd av lokal skog og fasar med tynn folkesetnad.

Under utgravingane vart det oppdaga spor etter eldre steinalder og hominidar. Mellom anna førte utgravinga til oppdaginga av Venus av Berekhat Ram, ein liten rund småstein som visstnok vart hansama av homo erectus. Lekamen er blitt hevda å vere det eldste døme på kunst i verda.Holocene palaeoecology of the Golan Heights (The Far East): investigation of lacustrine sediments from Birkat Ram crater lake

Sjå òg Venus av Berekhat Ram

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Ramsjøen» frå , den 26. mars 2014. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Golanhøgdene Kategori:Innsjøar i Syria Kategori:Vulkanar i Syria Kategori:Maarar Kategori:Kratersjøar Kategori:Utdøydde vulkanar