Den syriske ørkenen, òg kalla Den syrisk-arabiske ørkenen, er ein kombinasjon av stepper og verkeleg ørken som ligg nord i Arabia og dekkjer over 500 000 kvadratkilometer av Syria. Ørkenen er særs steinete og flat.Den syriske ørkenen, New International Encyclopedia, Edition 2, Published by Dodd, Mead, 1914, Arabia, page 795 og Den syriske ørkenen, Encarta mini|venstre|Den syriske ørkenen ein stad mellom Deir ez-Zor og Tadmor (Palmyra)
Geografi Den syriske ørkenen er ein del av Al-Hamad,Britannica entry Al-Hamad som dekkjer delar av Tyrkia, Syria, Irak, Jordan og Saudi-Arabia. Han grensar i vest til Orontesdalen og i aust til Eufrat. I nord går ørkenen over i meir frodige grassletter. I sør held ørkenen fram sørover på Den arabiske halvøya. Mange mindre ørkenar ligg innanfor den Den syriske ørkenen som Palmyra. Damaskus ligg i ein oase i ørkenen. Det merkverdige landskapet i ørkenen vart danna av lava frå vulkanområdet Jabal ad Duruz sør i Syria. Den syriske ørkenen er opphavet til syrisk hamster.
Historie Ørkenen var historisk busett av beduinar og mange lever framleis i området, men hovudsakleg i byar og busetnader nær oasar. Somme beduinar lever framleis på den tradisjonelle måten i ørkenen. Safaittiske inskripsjonar, førarabiske tekstar skrivne av skrivekunnige beduinar, finst over heile Den syriske ørkenen. Desse er daterte til kring det første hundreåret fvt. til 300-talet evt.
Under Irakkrigen var ørkenen ei viktig forsyningslinje for irakiske opprørarar, og den irakiske delen av ørkenen vart ein viktig skanse for sunni-opprørarar som opererte i Al Anbar guvernement, særleg etter at koalisjonen erobra Fallujah under operasjon Phantom Fury. Ei rekkje militære operasjonar frå koalisjonen var relativt ineffektive når det gjaldt å drive opprørarane ut av ørkenen. Opprørarane byrja å få kontroll over det omliggande området. I september 2006 hadde dei fått kontroll over nesten heile Anbar guvernement og hadde flytta det meste av styrkane, utstyret og leiarane sine lenger aust til byar opprørarane kontrollerte nær Eufrat. Den syriske ørkenen vart framleis nytta som ei av hovudrutene for å smugle utstyr.http://www.freemarketnews.com/WorldNews.asp?nid=
Sjå òg Den fruktbare halvmånen
Merknader
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Den syriske ørkenen» frå , den 29. mars 2014. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff
Kategori:Ørkenar i Syria Kategori:Ørkenar i Jordan Kategori:Ørkenar i Irak Kategori:Den fruktbare halvmånen