Homskløfta (arabisk فتحة حمص), òg kalla Akkarkløfta, er ein fjellovergang i Orontesdalen sør i Syria. Han vert kalla «porten til Syria», og skil An-Nusayriyahfjella og Jebel Zawiyah frå Libanon- og Anti-Libanonfjella. Den vesle elva Nahr al-Kabir renn gjennom kløfta til den syriske kysten av Middelhavet.
I hundrevis av år har handelsmenn og inntrengande fiendar funne vegen gjennom Homskløfta ei viktig rute mellom kysten og det indre av landet, og til andre delar av Asia Kløfta er òg den einaste heilårsopne overgangen gjennom fjellkjeda.
I dag går motorvegen og jernbanen frå Homs til den libanesiske byen Tripoli over passet. A pipeline carrying oil also runs through the gap. Borga Krak des Chevaliers ligg i Homskløfta. Borga vart bygd i 1031 for å vakte over denne strategiske gjennomgangen under det første krosstoget, og skifta eigarar fleire gonger under resten av krosstoga.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Homs Gap» frå , den 30. mars 2014. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Dalar i Syria Kategori:Handelsruter Kategori:Homs guvernement Kategori:Fjellovergangar i Syria