Quneitra guvernement () er eit av fjorten guvernement i Syria. Det ligg sør i Syria og omfattar Golanhøgdene.
Guvernementet grensar til Libanon, Jordan og Israel. Arealet varierer etter forskjellige kjelder, frå 685 km²Syria - City Population - Cities, Towns & Provinces - Statistics & Map til 1 861 km².Syria Provinces I 2013 hadde guvernementet ein folkesetnad på 49 000. Den pålydande hovudstaden er den no fråflytta byen Quneitra. Mykje av guvernementet vart erobra av Israel i seksdagarskrigen i 1967 og Yom Kippur-krigen i 1973 (kalla oktoberkrigen i arabiske land) og dannar i dag dei omstridde israelskokkuperte Golanhøgdene.
Etter at den syriske borgarkrigen braut ut, har Quneitra guvernement, inkludert ein nøytral SN-observasjonssone, vore åstad for harde kampar mellom syriske opprørarar og dei statlege styrkane.
Distrikt Guvernementet er delt inn i to distrikt (manatiq): Fiq som vidare er delt inn i to underdistrikt (nawahi). Fiq Elmahjer
al Qunaytirah som offisielt er delt inn i seks underdistrikt (nawahi): Quneitra (hovudsakleg nøytral sone sidan 1973) Jabta Elhashab Massade (under israelsk okkupasjon sidan 1967) Hushnia (under israelsk okkupasjon sidan 1967)
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Quneitra Governorate» frå , den 4. april 2014. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff
Kategori:Guvernement i Syria