thumb|Ryde & Berg bygde orgelet i Oslo domkyrkje i 1998, men prospektet er mykje eldre. Ryde & Berg Orgelbyggeri vart skipa av orgelbyggjarane Jan Ryde og Nils Olof Berg i 1985. Verksemda held til i Fredrikstad og har per 1. september 2013 12 tilsette. Orgelbyggeriet er eit aksjeselskap leia av Jan Ryde.
Ryde & Berg Orgelbyggeri har levert orgel til rundt 90 kyrkjer og musikkinstitusjonar. Mellom kyrkjeorgla kan nemnast dei tre orgla i Oslo domkyrkje, orgelet i Tønsberg domkyrkje og Ris kyrkje i Oslo. Orgelbyggeriet fekk òg oppgåva med å byggje nytt konsertorgel til Stavanger Konserthus.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Ryde & Berg Orgelbyggeri» frå , den 8. april 2014, revisjon.
Ryde & Berg Orgelbyggeri Nøkkelopplysningar frå Enhetsregisteret Oslo Domkirke: Orglene
Kategori:Orgelbyggjarar Kategori:Næringsliv i Østfold Kategori:Skipingar i 1985 Kategori:Fredrikstad kommune