mini|Mittersill

Mittersill er ein by og ein kommune i landskapet Pinzgau i forbundslandet Salzburg i Austerrike. Kommunen dekker eit areal på 132,0 km² og har i kring 5 400 ibuarar.

Byen ligg 790 meter over havet ved elva Salzach, om lag 25 km vest for distriktshovudstaden Zell am See. Sør-sørvest for byen reiser fjellkjeda Hohe Tauern seg.

Skifabrikken Blizzard Sport er ei av to store industriverksemder i Mittersill.

Under ein razzia i Mittersill hausten 1945 vart toneskaparen Anton Webern skoten av ein USA-amerikansk soldat i huset der han budde.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Mittersill» frå , den 14. april 2014.

Kategori:Byar i Austerrike Kategori:Kommunar i delstaten Salzburg