Magne Aarøen () var ein norsk lærar og politikar frå Innvik i Nordfjord. Han representerte Sogn og Fjordane og Kristeleg Folkeparti på Stortinget i 2001 til han døydde sommaren 2003.
Aarøen var son til ein gardbrukar. Åra 1963-67 utdanna han seg til lærar ved lærarskulane i Sogndal og i Volda. Etter fire år som lærar ved Farnes skule i Sogndal, flytta han til Selje kommune og arbeidde ved Selje skule 1971-75 og 1975-87, samt Stadlandet skule 1975-80. I 1987 vart han tilsett rektor for Sandane skule i Gloppen, ei stilling han skjøtta til dess han vart vald til stortingsrepresentant i 2001.
Aarøen var aktiv i Kristeleg Folkeparti allereie midt på 1960-talet. Han var medlem av kommunestyret i Selje frå 1976 til -87, varaordførar 1980-81 og ordførar 1982-83. Deretter var han medlem av fylkestinget i Sogn og Fjordane fireårsperioden 1988-91, før han så var med i Gloppen kommunestyre 1992-95 og 1999-2001.
Hausten 2001 vart Aarøen vald inn på Stortinget frå Sogn og Fjordane, der han fekk plass i sosialkomiteen. Han sat som stortingsrepresentant til han i 2003 vart sjukmeld med dødeleg kreftsjukdom.
Kjelder Stortinget.no - Biografi
Kategori:Folk frå Stryn Kategori:Ordførarar i Selje Kategori:Stortingsrepresentantar for Sogn og Fjordane Kategori:Stortingsrepresentantar frå KrF Kategori:Stortingsrepresentantar 2001-2005