MF «Hardangerfjord», og frå 1959 seinare MF «Vøringen», var ei bilferje bygd i 1953 for Hardanger Sunnhordlandske Dampskipsselskap. Ho gjekk i rute for HSD fram til 1983. Ferja kunne ta 30 bilar og 300 passsjerar. I dag ligg ferja i Kvinnherad og har namnet «Gamle Hardangerfjord».
Historie Ferja vart sett inn i ruta Kvanndal-Utne-Kinsarvik, der ho gjekk fram til 1961, og igjen i 1973. I slutten av 1960-åra gjekk ho i ruta Hatvik-Fusa, og frå 1971 til 1973 i ruta Gjermundshamn-Varaldsøy-Løfallstrand. Dei siste åra for HSD var ho reserveferje.
Ferja vart selt i 1983 og fekk nytt namn, «Bergshorn», og hadde fleire eigarar dei neste åra. I 1991 vart ho omdøypt «Bergsjø», og i 1994 vart ho seld til Danmark, der ho låg i opplag. Fram til juli 2009 låg ferja i København, der det vart nytta som kontorlokale.
I 2009 vart ferja kjøpt av nokre nordmenn og frakta for eigen maskin til Sunnhordland i juli. Sidan oktober 2009 har ferja lagt i Dimmelsvik i Kvinnherad, men maskinen er per februar 2014 ut av drift.
Kjelder Skipet.no Hardangerfjord på fjordfaehren.no
Bakgrunnsstoff Bilete av ferja frå 2011 Videoklipp av ferja frå 1991
Kategori:Norske ferjer Kategori:Båtar frå Vestland Kategori:HSD-eigde fartøy Kategori:Skip frå 1953 Kategori:Skip bygde ved Bergen Mekaniske Verksted Kategori:1953 i Noreg