Johan Richard Krogness, også kjend som J. R. Krogness, () var ein kjøpmann, næringsdrivar og stortingsmann frå Trondheim.
Krogness var son til ein kjøpmann. Han vart student i 1835 og tok andre-eksamen. Etter ei tid som jus-student i Kristiania braut han av studiane og tok til som kjøpmann i fødebyen Trondheim. I 1845 busette han seg i Hommelvik, der han dreiv eit stort teglverk. Han var ordførar i Strinda i mange år.
Krogness representerte Søndre Trondhjems amt på Stortinget frå 1854 til han døydde, men deltok ikkje i 1871-sesjonen grunna sjukdom. På Tinget stod han for ei liberalistisk linje, nært knytt til karar som Johan Sverdrup, Ole Richter og Johannes Steen.Hans Try:To kulturer * En stat:448, 1979 Krogness var medlem av budsjettkomiteen frå 1854 til -60 og på ny frå 1865 til -69. Elles var han 1854 og 1862-63 medlem av komiteen om stortingsbygningen, 1859-60 av komiteen om stathaldarsaka, 1857 og 1868-69 av jarnbanekomiteen, 1864 av komiteen om den dansk-tyske krig og 1868-69 av røysterettskomiteen. Krogness var medlem av deputasjonane som Stortinget sende til kongekroninga i Stockholm i 1860 og til opninga av jarnbanen mellom Kristiania og Göteborg i 1862.
Krogness døydde i Trondheim i februar 1872, då han var på veg til Stortinget i Kristiania.
Notar
Kjelder Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
Kategori:Stortingsrepresentantar 1854-1856 Kategori:Stortingsrepresentantar 1857-1858 Kategori:Stortingsrepresentantar 1859-1861 Kategori:Stortingsrepresentantar 1862-1864 Kategori:Stortingsrepresentantar 1865-1867 Kategori:Stortingsrepresentantar 1868-1870 Kategori:Stortingsrepresentantar 1871-1873 Kategori:Stortingsrepresentantar for Søndre Trondhjems amt Kategori:Folk frå Trondheim