Laksforsen er eit 17 meter høgt fossefall i elva Vefsna i Grane kommune i Nordland fylke. Fallet ligg om lag 20 km nord for Trofors. Vassføringa ligg på 700 m³ vatn pr. sekund.

Fossen ligg like ved E 6, som gjer han til ein mykje besøkt turistattraksjon. Fossefallet vart besøkt av 80 000 personar i 2004.

Laksetrappa opp fossen er stengd for å hindre gyrodactylus-smitta laks å komme seg vidare opp i vassdraget.

Kjelder

Kategori:Fossar i Nordland Kategori:Geografi i Grane