Fatimide-kalifatet (arabisk: الفاطميون, al-Fāṭimiyyūn) var eit sjia-kalifat, som strekte seg over store område av Nord-Afrika, frå Raudehavet i aust til Atlanterhavet i vest. Dynastiet styrte over Middelhavkysten av Afrika og gjorde etter kvart Egypt til senteret i kalifatet. På det mektigaste omfatta det òg forskjellige område av Maghreb, Sudan, Sicilia, Levanten og Hijaz.

Fatimidane var etterkomarar etter Fatimah, dotter til profeten Muhammed, i følgje fatimidane sjølv. Fatimide-staten tok form blant dei berberske Kutama, folket i Algerie. I 909 grunnla fatimidane den tunisiske byen Mahdia som hovudstaden sin. I 947 flytta dei hovudstaden til Al-Mansuriya. I 969 erobra dei Egypt og grunnla den nye byen Kairo, som vart hovudstad i kalifatet. Egypt vart då det politiske, kulturelle og religiøse senteret i staten.

Den herskande eliten i staten høyrte til Ismaili-greina av shiismen, og det same gjorde leiarane i dynastiet. Dei var òg ein del av rekkja som var kalifar, som anerkjent av ortodokse muslimar. Derfor er dette ein sjeldan periode i historia der etterkomarar etter Ali, via dottera til profeten, Fatimah (derfor namnet fatimidar), og kalifatet var samla til ein viss grad, utanom den siste perioden av Rashidun-kalifatet under Ali sjølv.

Kalifatet utøvde ofte stor religionsfridom mot ikkje-ismailiske sekter av islam, i tillegg til respekt for jødane, maltesiske kristne og koptiske kristne. Fatimide-kalifatet skilde seg òg på grunn av den sentrale rolla til berberane i den første oppretta og utviklinga av militære og politiske nivå.

I løpet av seint på 1000-talet og 1100-talet var Fatimide-kalifatet i nedgang, og i 1171 vart landet invadert av Ṣalāḥ ad-Dīn, som grunnla Ayyubide-dynastiet og innlemma staten i Abbaside-kalifatet.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Fatimid Caliphate» frå , den 19. mai 2014. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Tidlegare land i Asia Kategori:Tidlegare land i Europa Kategori:Nordafrikansk historie Kategori:Middelhavshistorie Kategori:Alidane Kategori:Muslimske dynasti Kategori:Sjiamuslimske dynasti Kategori:Egypt i mellomalderen Kategori:Algerie i mellomalderen Kategori:Maltesisk historie Kategori:Sicilia i mellomalderen Kategori:Islamsk historie Kategori:Ismailisme Kategori:Sjiaislam Kategori:Tidlegare land i Midtausten Kategori:Tidlegare monarki i Afrika Kategori:Tidlegare monarki i Asia Kategori:Tidlegare monarki i Europa