Sunnhordlandske ord og vendingar er ei liste over dialektord og uttrykk frå Sunnhordland.

A Alle nippar i meg, sa jenta, ho hang fast i dørtrykkjaren (Kvinnherskringla) Alle veit råd med ei gali kjerring, undanteke den som eig henne (Kvinnherskringla) Allting har ein ende, men pølsa har to (Kvinnherskringla) Altfor djerv vert ofte dengd (Kvinnherskringla) Alt skal vera reint, sa kjerringa, ho turka såpa (Kvinnherskringla) Ask før eik:Steik.Eik før ask;Plask (Kvinnherskringla) Av skade vert ein klok, men ikkje rik (Kvinnherskringla) AGNHALD - Mothaka på fiskekroken (Kvinnherskringla) Agnvand - adj. (om fisk) som ikkje vil bitaKvinnherskringlo s. 29 ANDLET: Fjes, ansikt ANDSYNES: Mot einannan, ansikt til ansikt ANDVAKEN - Søvnlaus Attra - v.-a 1) Stiga attende, t.d. få hesten til å åtta seg 2) gå frå ei avgjerdKvinnherskringlo s. 31 ASJELE - Mykje, 'adskillig' (asjelege mengde med fisk di fekk) AGALAUS: utan tukt ("oppdragelse") AGE: redsel, respekt, tukt, vyrdnad, reddhug B Banna og sverja er fanteverja (Kvinnherskringla) Betre døy med æra enn leva med skam (Kvinnherskringla) Betre heilt enn aldri så godt bøtt (Kvinnherskringla) Betre litt mugge enn alt opptugge (Kvinnherskringla) Betre pengalaus enn ærelaus (Kvinnherskringla) Betre tegja enn tarvlaus tala (Kvinnherskringla) Borg* er tvo manns sorg (Kvinnherskringla) Børen bles om siglaren søv (Kvinnherskringla) BORG* - Kreditt, henstand BESA - Sladra, fisla BALE - Vanskeleg, innfløkt (Da va bale å...) BEIG - Farang, omgangssjuke BASKJE - av baske(tak), vanskeleg, innfløkt BIVRE: Skjelve, riste, skake BRIGDE: Endring, brytning (HSD: rutebrigde, -endring) BATE: Fordel BEL: Stund BISN: Oppsikt BEINE: ei teneste, velgjerning (Olav H Hauge; diktet Gjer ein annan mann ei beine) BU seg: Førebu seg, vera (føre)budd, klar til å BISLAG - Gang, entre, tilbygg BLODMELTA - Svull, underhudsblødning BROK - Bukse BYRG(SKAP) - Stolt, kry BOLK - Del, part BOLSA: snakke, gjerne kvardagsprat med ei munter stemning BRENNKAVE - Travelt, noko som skjer fort og kjem overraskande på BUNE: innholt bein i lekam; røyrbein / (jamfør norrønt boðn, namn på eit kar til å ha skalde-drykken i) trekjerald D "Dei svelt ikkje som tjukt bit"Kvinnherskringlo s. 8 "Den er armast som aldri er nøgd" "Den som biar får bør" Dei er ikkje alle like nautne som dei ser ut (Kvinnherskringla) Dei kjem sist til kyrkje som har stuttaste vegen (Kvinnherskringla) Dei små tjuvane vert hengde, dei store får gå (Kvinnherskringla) Den er armast som aldri er nøgd (Kvinnherskringla) Den er ven som ber seg vent (Kvinnherskringla) Den skal båten festa, som sist gjekk utor (Kvinnherskringla) Den som allstad leitar, får flis i nasa (Kvinnherskringla) Den som vide vankar, han mykje sankar (Kvinnherskringla) Der godtfolk er, kjem godtfolk til (Kvinnherskringla) Det auga ikkje ser, det gjer ikkje hjarta vondt (Kvinnherskringla) Det er best å spara feå loket, det er seint når ein ser botnen (Kvinnherskringla) Det er godt det gjeng fort, det er betre det vert vel gjort (Kvinnherskringla) Det er ilt å lida urett, men verre å gjera urett (Kvinnherskringla) Det er langt fram, sa kjerringi, ho såg seg attende (Kvinnherskringla) Det er lettare for ein far å føda sju søner enn sju søner ein far (Kvinnherskringla) Det er lettleg lært som ikkje duger (Kvinnherskringla) Det er mangt i naudi nytta, sa kjerringa, ho turka bordet med katten (Kvinnherskringla) Det er meir bunen enn baksteren (Kvinnherskringla) Det kan komma store gutar or eit lite hus (Kvinnherskringla) Det kan no veksa blomar i husmannhagen og (Kvinnherskringla) Det kjem snakedag etter kakedag (Kvinnherskringla) Det kostar å vera kar, men det kostar meir å vera fant (Kvinnherskringla) Det legst stødt ei visa til for den som kveda vil (Kvinnherskringla) Du skal ikkje segja elt du meiner, men meina alt du segjer (Kvinnherskringla) Det er ikkje ofte husmenn får rida (Kvinnherskringla) DABBA: saktne, sette ned farten. Det dabba med vinden. DØLJE / DØLGJE: Gøyme, skjule, løyne DIVERRE: Dessverre DØME: eksempel, modell DÅM: Preg, utsjånad DRYLA - Slå ('Eg dryle til deg': Eg slår/klabbar til deg) DRØLA - Vera treg, utsette DRØSA - Samtale, småprat DEILD - Avdeling, inndeling av t d jord E "Er ikkje så mota på det nett no" (har ikkje så lyst til, vil ikkje nett no) "Ei søe" -kaos, rot, forvirring, samanblanding EMNE PÅ: førebu seg på, ville EINSTAPE: ei bregne Einstape F FJELGA - Å stella seg, hama seg FISLA - Besa, sladre (Fisletut) FORVITNELEG - Noko særmerkt, storslått, ekstra FØYSA - a)Brukt i deler av Sunnhordland for dissa (frå Facebook-gruppa), b)Fjerna noko, 'føysa det ut' FØYKJEN: I godt humør, blid FANT: (tater/splint/landstrykar) Omstreifande menneske, gjerne familiar, som livnærte seg på sal av ulike hushaldsprodukt, reparasjonar av tak og -renner, anna forefallande arbeide på garden. Sosialt greidde over ein kam og i samfunnet sitt lågaste lag, og utan fast bustad. På vestlandet forflytta dei seg oftast med båt og kunne ligga på samme stad over tid. Dei kalla seg sjølve for reisande. Fantane og romanifolket(sigøynarar) skal ikkje forvekslast, men blir ofte nett det . Romanifolket hadde eit opphav i eit anna land og dyrka likegjerne skikkane og musikken derifrå, fantane var utstøytte frå vårt eige land. FANTASTYKKJE: Ugagn, lureri. Gjera noko som ikkje er lov, ugagn, travaskap. Nedsettande om fanten, noko fantane kunne funne på. FIVRELD: Sommarfugl FJAS: Tull, vas, useriøst Flokse - nedsettande om jenter ("laus på tråden, flyfille") FRÅSEGN: Uttale (td til saksframlegg i det offentlege) FREISTE: Forsøke, prøve FYRE-/FØREMUN: Fordel FESTARMÅL: Truloving (Forlovelse) FÆLSKE: gru, uhygge, forferding FÆLE: Å vera redd ('fæle du om natto?' = er du redd om natta?)) G GNEKA - Gni GRAPSE - (t d grapse ver) stygt, elendig, dårlig H HAMA SEG - Å stella seg, gjera seg presentabel HATTAFOKA - Når det er så travelt at hatten fyk av, kave, kaos. Når det skjedde overraskande og kvikt var det i ei hattafoka.

(ei) HANDAVENDA - 'Da va gjort i ei handavenda', fort gjort, skjedde plutseleg HES/HESJE - Ei hes (pålar med streng mellom som ein henger høy opp på)/Henge opp høy på hes HI SIO - Andre sida (På hi sio har dei...) J JEIVLA (GEIVLA) - a)Tygge med open munn, geipe, b) bable,skravle, c) slarkete reiskap K KVERRSETTE - Beslaglegge, inntaue KLUBB - Nes, odde KREGDO - Meslingar KRASKJEN - I dårleg form, sjuk KJØVE / KØYVE - Strupe, kvele KORVA (noko saman) - krølla saman papir for å kasta det, øydelagt KLAKE - Frost, tele KUBBA - Utmatta falla om, oftast brukt om alkoholrus L LEMEN - (i hus) loftet LE(et) - Grind, port LOGE - Flamme, eld LUTLAG - Del, aksjeselskap (Fjelberg Kraftlag er eit luteigarlag) N NÆRSKYLDE - Nære slektningar NEVLA - Plukka på ting, vera plukkete NYSS PÅ FJORDEN RODD - Nettopp begynt, nybegynnar O OREIGNE - ekspropriere P PÅK - Stokk PJARR - Noko låkt, av dårleg kvalitet, ikkje noko tess, dårleg arbeid, eller talt: "Da va berre noko pjarr han lirte utor seg" PITLA - Plukka PUTLA (på) - a) Arbeida seint, nøye b) Vera for seg sjølv ('Eg putla no på med mitt) c) Å gå i putlo - Stagnera, gå i stå, stokka seg. R RALE - Vase på, tulle, tøyse, fantasere (Ka e da du rala med/Ka rala du ette) RAKKAR - Rakkarfant. Mann som gjorde ureint og utriveleg arbeide (dotømmar, nattmann, bøddelen sin assistent). I bunden form: Fanden. I eiden: Fyttirakkaren = Fy til Rakkaren (magasinet Historie, 2014) REIKE - (ei reika i Valesongen) Oppgåve, skrida fram RIKTA - Rikta på vedstabelen for å kjenna om han var rikte (ustø, vaklevoren, lealaus), rikka på, lea på RIKSLA - Rikka på RIVE - Rake RIVETINDAR - Tennene på riva/raka ROLP - Vas, tøv, tull og tøys. ROLPESOKK - 'tulling', tøysekopp REILA - I deler av Sunnhordland brukt om å skli, dissa, leika (Frå facebook-gruppa) RONGEPODL - (framhalde av mange frå Bømlo på facebookgruppa) Vrangpeis, stridig person S SETLABOK - Lommebok, pung SKUTEN - Skur, td 'veaskuten' (vedskur, -skjul) SKYKKJE - (sjykkja) skur, utløe SMIKKA - Mygg, knott SMÅGNAST - Blitt mindre, tatt av , slankare (Facebookgruppa, Sågvåg, Bente P Nygård) STUDNAD - Støtte STØLA - Å vera på/driva støl eller seter på fjellet SPLINT - Fant, tater eller landstrykar. "Sku slått'an på pongjen med ei varme ausa" (Hans O Robberstad, Bømlo, i FB-gruppa) -om ein mann hadde gjort noko dumt eller gale STARVA - Gå i oppløysing, i hundane, falla utmatta omkull, overstadig berusa, dø, kubba STOLPE - Tidlegare lengdemål brukt ved måling av husdyr (brystvidde, høgd) ved dyrehandel, særleg hest og ku. Ein stolpe var 1/32 alen. Frå 1824 var ein norsk alen 62,75 cm (og delt i 24 tommar). 1 stolpe var såleis om lag 1,96 cm (3/4 tomme). Til sjølve målinga brukte ein eit såkalla stolpemål, ei kjedeforma og dermed bøyeleg messing- eller stålstreng, gjerne med ein ring for kvar alen. Stolpemål blei også kalla kreaturmål, krøttermål eller hestemål (Malfred E Vedøy, henta frå facebookgruppa) SPØTA, -ET - Strikke, -tøyet SEL - Hytte, seterrom SID - a) djupt, langt ned (fotsid) b) dryg, grepa, kraftig SKRAU/skraua - SMALE - Sau SMIKKA - Mygg, knott SNAKE - SO/SOVORE - Slik, sånn SÆL / USÆL (ussel) - Opphøygd, salig, frelst, lukkeleg SVINT(e) - (Da e svinte gjort) Fort, hurtig

T TAUS - Tenestejente TRAVE - (Å du din trave) - Stakkarslig eller vrang person (UIO, nynorskordboka ) TOKKA DEG LITT - Gje plass, flytt deg litt TRASPA - å øydeleggja, rasera (td 'Kvinnheringen' 200614) TREBONIUS - Eit spel eller ein leik. Du treng berre ei fjøl på om lag 1,5 meter, med ein kasse eller liknande slik at fjøla kan stillast på skrå framfor (eit enkelt skråplan), ein kloss på om lag 20X20X120 mm og ein kjepp til å slå med. Klossen er spissa i ein enden og merka med ulike romartal på alle sidene og den flate enden. Desse representerer ulike poengverdiar. Spelet går ut på å slå klossen framover og notera poeng etter korleis han landar (Forklart av Kristian Grutle i facebook-gruppa) TÆRING (ut. tering) - Tuberkulose TURVANDE - Tilstrekkeleg TØTTA - Jente. 'Spytta'kje nett i glaset, den tøtto'. TUTLA - a) Gå seint, subbe b)Gå og drive TUTLETE - 'No er han blitt tutlete', forvirra, senil TVÅGE/-a - fille, oppvaskklut U ULJEHYRE - Oljehyre, regntøy UFJELG: a)Noko uhyggeleg, utriveleg , b)Ustelt V VABEIN - Utstikkar (stang) for fisking (på båt) VADLASLETTA - (Valleslette i Bergen) Nedbør, både sludd/snø og regn VANKUNNE - Nokon som kan lite, eller uforstand Å Åtta seg v.-a gå attende, attra.Kvinnherskringlo s. 218 ÅVELEG - overlag, storslått, utmerkt "Å vera teteken" - Adoptert Å vanta noko - Å mangla noko Å vera i vande for noko - Å mangla noko Å ha trong for noko - å ha behov for noko, trenga noko Å gjera åt - Å gjera narr av Å tinda rivo - Setta (nye) pinnar på treriva/raka Å lesa/synga for maten - Gammal skikk. Ein sa fram ei bøn eller song før måltidet skulle inntakast Å sula inn - Dra fiskesnøret inn att i båten Å tava på .... - plukka på, fikla med ÅTGJERD - Tiltak, sette noko i verk, sikra noko.

Sjå òg Sunnhordlandsdialekt

Referansar

Kjelder Kvinnherskringlo. Gamle ord og ordtøke samla av Andreas Haugland, utgjeven av Kvinnherad Mållag, Kvinnherad 1978, ISBN 82-7101-052-2 Facebookside med ønske om å dra fram ordskattar frå Sunnhordland Avisa Sunnhordland si språkspalte ved Kari Lønning Aarø

Kategori:Sunnhordland Kategori:Norske målføre