Holla kyrkje er ei langkyrkje frå 1867 i Nome kommune i Telemark. Ho avløyste ei steinkyrkje frå mellomalderen.

Kyrkja har tårn i vest, og koret i aust er polygonalt avslutta. På kvar side er eit sakristi. Dåpssakristiet er frå 1916. Kyrkja vart restaurert i 1930 og til hundreårsjubileet i 1967. Ved siste høve var Finn Krafft fargekonsulent, og han laga m.a. glasmåleri med evangelistbilete til kyrkja.

Kyrkjegarden ved kyrkja er ute av bruk, men har framleis ei rekkje gravminne. Det er kyrkjegard ved Kronborg, lengre sør. Viadre søraust er prestegarden og den gamle kyrkjestaden.

Kjelder

Kyrkjesøk

Bakgrunnsstoff

Holla og Helgen kyrkjelyd

Kategori:Kyrkjer i Øvre Telemark prosti Kategori:Kyrkjer i Nome Kategori:Norske kyrkjer frå 1860-åra Kategori:Langkyrkjer i Agder og Telemark bispedømme Kategori:Kulturminne i Nome Kategori:1867 i Noreg