Don Francis Bowman Harris (), kjend som Don «Sugarcane» Harris, var ein amerikansk rock and roll-fiolinist og gitarist.
Biografi Harris vart fødd og voks opp i Pasadena i California og starta eit band kalla Don and Dewey med barndomsvenen Dewey Terry i midten av 1950-åra. Sjølv om dei vart spelt inn av Art Rupe på hans Specialty Records, ved hjelp av den legendariske trommeslagaren Earl Palmer, hadde ikkje Don and Dewey nokre hittar. Men i lag skreiv dei tidlege rock and roll-klassikarar som «Farmer John», «Justine», «I'm Leaving It Up to You» og «Big Boy Pete», som alle vart hittar for andre artistar.
Harris fekk kallenamnet «Sugarcane» av bandleiaren Johnny Otis og det vart hengande ved han resten av livet.
Etter å ha brote med Dewey Terry i 1960-åra, spelte Harris nesten berre elektrisk fiolin. Han dukka opp som sidenmann med John Mayall & the Bluesbreakers og Frank Zappa, mellom anna på Hot Rats, og Mothers of Invention-albuma Burnt Weeny Sandwich og Weasels Ripped My Flesh. Solovokalen hans og blues-fiolinsoloaen på Little Richard sin «Directly From My Heart to You» på Weasels, og den lange soloen hans på «Little House I Used To Live In» på Weeny vert rekna blant høgdepunkta på desse albuma. Visstnok vart han redda frå fengsel av Zappa. Zappa hadde lenge beundra spelinga til Harris og betalte kausjonen for han i fengsel, hjelpte karrieren hans på fote att og gav han ein lang periode med kreativitet for den gløymde fiolinvirtuosen. Han spelte fleire konsertar med Zappa i 1969.
Tidleg i 1970-åra fronta Sugarcane Pure Food and Drug Act i lag med trommeslagaren Paul Lagos, gitaristane Harvey Mandel og Randy Resnick, og bassisten Victor Conte, som starta Bay Area Laboratory Co-operative (BALCO). Conte erstatta Larry Taylor som var den originale bassisten. Det første soloalbumet hans (med omslag av Rick Griffin) er eit gløymd meisterverk i blues, jazz og funk, og konsertalbumet frå 1973, Sugarcane's Got The Blues, innspelt ved Berlin Jazz Festival syner Sugarcane på sitt beste.
I 1980-åra var Sugarcane medlem av det Los Angeles-baserte eksperimentelle rockebandet Tupelo Chain Sex.
Harris døydde den 27. november 1999 i Los Angeles.
Diskografi Don „Sugarcane“ Harris – 1970 Keep On Driving – 1971 Fiddler On The Rock – 1971 Choice Cuts – 1972 Sugar Cane’s Got The Blues – 1973 Keyzop – 1973 Cup Full Of Dreams – 1974 I’m On Your Case – 1974 Key Stop – 1975 Flashin' Time – 1976 Anthology Volume One – 2001 Cup Full Of Dreams CD – 2011
Samarbeid
John Lee Hooker: Folk Blues – 1959 Little Richard: Little Richard is back – 1964 Johnny Otis: Cold Shot – 1969 John Mayall & Bluesbreakers: The Best of John Mayall – 1969 Frank Zappa: Hot Rats – 1969 The Mothers of Invention: Burnt Weeny Sandwich – 1970 The Mothers of Invention: Weasels Ripped My Flesh – 1970 Frank Zappa: Chunga's Revenge – 1970 Little Richard: Well Alright! – 1970 John Mayall: USA Union - 1970 Johnny Otis: Cuttin’ up – The Johnny Otis Show – 1971 Harvey Mandel: The Snake - 1972 Pure Food & Drug Act: Choice Cuts – 1972 New Violin Summit (med Jean-Luc Ponty, Michal Urbaniak, Nipso Brantner, Terje Rypdal, Wolfgang Dauner, Neville Whitehead, Robert Wyatt) - 1972 Ken Little: Solo - 1973 Harvey Mandel: Shangrenade - 1973 John Mayall: Ten Years Are Gone – 1973
John Lee Hooker: Born In Mississippi – 1973 Sonny Terry & Brownie McGhee: Sonny & Brownie – 1973 Frank Zappa: Apostrophe (') – 1974 Don & Dewey: Don And Dewey – 1974 Spud: Happy Handful – 1975 John Mayall: New Year, New Band, New Company – 1975 John Mayall: Notice To Appear – 1975 John Mayall: Banquet In Blues – 1976 Billy Bang: Changing Seasons – 1980 Tupelo Chain Sex: Ja-Jazz – 1983 Tupelo Chain Sex: Spot The Difference – 1984 Don & Dewey: Bim Bam! – 1985 John Mayall: Archives To Eighties – 1988 Don & Dewey: Jungle Hop – 1991 John Mayall: Room To Move (1969–1974) – 1992 Freddie Roulette: Sweet Funky Steel – 1993 John Mayall: Cross Country Blues – 1994 Frank Zappa: The Lost Episodes – 1996
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Don "Sugarcane" Harris» frå , den 1. juni 2014. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff http://www.sugarcane-harris.com/ Obituary at the New York Times
Sugarcane Harris at www.united-mutations.com
Kategori:Musikarar frå California Kategori:USA-amerikanske fiolinistar Kategori:USA-amerikanske rockefiolinistar Kategori:The Mothers of Invention-medlemmar Kategori:John Mayall & the Bluesbreakers-medlemmar Kategori:USA-amerikanske bluesgitaristar Kategori:USA-amerikanske gitaristar